Hopp til innhald

Fagstoff

Tips til bruk av søkjeord: ytringsansvar

Korleis bruker du søkjeord for å gå djupare inn i nettsøka dine?
Hender med mobil og ulike symbol spreidde rundt omkring: kaffikopp, stolpediagram, mikroskop, notatblokk, kalender, snakkebobler, brev, jordklode, rakett, fastnøkkel, skrujern, mann og kvinne med hjarte, sky med regn, lyspære, krøllalfa, fleire piler. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Søkjeord

Kva søkjeord du bruker, har alt å seie for kva kjelder du får lista opp. Derfor må du først og fremst finne gode søkjeord.

  • Ta utgangspunkt i det problemet du ønskjer å løyse, og dei fagomgrepa som du kan knyte til problemet. I denne artikkelen går vi gjennom temaet ytringsansvar.
  • Finn òg fram til synonym, og finn fram sentrale engelske søkjeord. Nokre ord kan fungere godt i Google, men ikkje nødvendigvis andre stader.
  • Bruk Google, men gjer òg søk med andre søkjemotorar og i databasar. Det kan til dømes vere skulebiblioteket ditt eller nyheitsdatabasen Atekst, som mange skular abonnerer på.

Kor mange synonym finn du for omgrepa ytring, ansvar og ytringsfridom?

Start med få ord

Det kan vere smart å starte med få søkjeord.

Start med ytringsansvar. Du får mange treff.

Hald fram med ytringsansvar ytringsfridom. Du får færre treff.

Hald fram med samanheng ytringsfridom ytringsansvar demokrati.

Prøv sjølv

Du får kanskje berre eitt treff? Slik kan du eksperimentere med søk.

Generelle tips

Snevre inn søket

Søk etter til dømes mediepolitikk ytringsansvar ytringsfridomskommisjonen framfor ytringsansvar.

Unngå heile setningar og preposisjonar

Søk etter mediepolitikk ytringsansvar ytringsfridomskommisjonen
framfor Korleis kjem arbeidet til ytringsfridomskommisjonen med ytringsansvar fram i mediepolitikken?

Bruk små bokstavar, og utelat teikn

Søk etter mediepolitikk ytringsansvar ytringsfridomskommisjonen
framfor Korleis kjem arbeidet til ytringsfridomskommisjonen med ytringsansvar fram i mediepolitikken?

Utelat eitt eller fleire ord frå søkjestrengen

Du vil ikkje ha treff kor uttrykket "hatefulle ytringar" er nemnt.

Søk etter mediepolitikk ytringsansvar ytringsfridomskommisjonen -"hatefulle ytringar" (NB: med minusteikn og hermeteikn).

Eksakte treff

Fraser gir treff som inneheld eksakt heile frasa, viss ho finst på nettet.

Søk etter "ytringsansvar er viktig for demokratiet" (NB: med hermeteikn.) Du får berre treff som inneheld den eksakte søkjestrengen ytringsansvar er viktig for demokratiet.

Set i gang og prøv sjølv

Google har ei eiga side for avansert søk:

Google: Advanced search

CC BY-SASkrive av Sigurd Alnæs og Albertine Aaberge. Rettshavar: Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 04.02.2021

Læringsressursar

Ytringsfridom og ytringsansvar