Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Julian Assange: Helt eller skurk?

Er Julian Assange ein kynisk spion? Eller er han eit fyrtårn for ytringsfridommen? Diskuter i klassen.
Gråhåra mann i dress tittar ut av eit lite vindauge. Vinduskarmane er malt svarte, og malinga flassar av. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppdater deg på saka ved å søke og lese om Julian Assange.

I arbeidet skal du ta utgangspunkt i mediekommentaren "Julian Assange er pressefrihet i lenker" av Sven Egil Omdal, og i mediekommentaren "Tilfellet Assange: The good, the bad and the ugly" av Tori Aarseth.

Relatert innhald

Les sakene nøye og svar på desse spørsmåla:

  1. Korleis har Julian Assange brote reglane for god journalistikk?
  2. Kvifor meiner Sven Egil Omdal at saka mot Julian Assange er ein trussel mot pressefridommen?
  3. Diskuter deretter i klassen om Julian Assange er helt eller skurk. Bruk notat frå sakene du har lese til å argumentere for synet ditt.
CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 06.10.2020

Læringsressursar

Ytringsfridom og ytringsansvar