Ytringsfridom – ei vestleg oppfinning?
Idéen om at alle menneske har rett til å ytre seg fritt, er ei vestleg oppfinning med røter tilbake til den franske revolusjonen på 1700-talet og den filosofiske retninga som blir kalla liberalismen. Ein grunntanke i det liberale demokratiet er at alle borgarar er likeverdige, og har rett til å uttrykkje sitt syn på korleis samfunnet er og bør vere.
I Vest-Europa og USA blir ytringsfridom sett på som ein naturrett, ein rett som alle menneske er fødde med, og som stort sett gjeld uinnskrenka.
Dette synspunktet møter motstand hos menneske som tilhøyrer andre kulturar. Tradisjonell afrikansk og asiatisk tenking legg til dømes meir vekt på plikta til den einskilde overfor samfunnet eller gruppa.
Vestlege samfunn er sterkt prega av sekularisering. Det betyr at enkeltmenneske, kultur og samfunnslivet har frigjort seg frå religiøse autoritetar og normer.
Sjølv om alle dei store verdsreligionane i ei viss grad er påverka av sekularisering, har religionen framleis mykje å seie for menneske som tilhøyrer ikkje-vestlege kulturar. I fleire land er det derfor utenkjeleg å ytre seg kritisk om det som blir oppfatta som heilagt.
Ein del ikkje-vestlege land ser på idéen om ytringsfridom som vestleg tankegods og hevdar at denne fridommen ikkje har allmenn gyldigheit i andre kulturar. Det stadige «gnålet» frå vestlege land om brot på ytringsfridommen blir oppfatta som ein kamp vestlege land fører for å få politisk og kulturelt herredømme.
Den kinesiske reaksjonen på Nobels fredspris i 2010 til Liu Xiaobo kan sjåast eit slikt perspektiv. Då Liu Xiaobo vart tildelt fredsprisen, var han fengsla for regimekritiske ytringar. Kinesiske styresmakter hevda at Noreg viste mangel på respekt for Kinas juridiske system ved å gi fredsprisen til ein kriminell person.
Liberalismen legg sterk vekt på rettane til einskildmennesket. Kritikarar av ei slik individualistisk tilnærming hevdar at ytringsfridomsprinsippet rettferdiggjer at menneske som har lett tilgang til å ytre seg offentleg, kan fremje eigne interesser på kostnad av andre.
Sjølv om alle i prinsippet har ytringsfridom, er ikkje dette ein fridom alle har moglegheit eller evne til å ta i bruk. I eit slik perspektiv kan ytringsfridommen vere eit våpen dei sterke kan bruke til å vinne over dei svake.
Kollektivisme er ein politisk ideologi som vektlegg fellesskapet av alle borgarar i eit samfunn framfor kvart enkelt individ. Omsynet til storfamilien, gruppa eller det sosiale nettverket er viktigast i kollektivistiske kulturar.
Politiske ideologiar, som kommunismen og maoismen, legg stor vekt på det som tener kollektivet. Også i familieorienterte kulturar, som klan- og stammesamfunn, er omsynet til fellesskapet viktigare enn omsynet til enkeltpersonar.
Vestlege land har over tid kritisert kommunistregimet på Cuba for ikkje å ta omsyn til ytringsfridommen til innbyggjarane. Cuba har svart med å kritisere kapitalistiske land, som USA, for å ignorere andre viktige menneskerettar, som rett til gratis skulegang og helsetenester.
Cubanske politikarar hevdar altså at sosiale og økonomiske rettar går føre politiske og sivile rettar.
Kva tenkjer du?
Dersom du levde i eit fattig land, kva hadde vore viktigast for deg?
gratis skule
gratis legehjelp, eller
retten til å seie det du meiner
I eit liberalt, demokratisk samfunn kostar det lite å ytre seg kritisk om politiske og religiøse spørsmål. Dei som gjer det, blir ofte oppfatta som frimodige og sjølvstendige og løfta fram som førebilete for andre.
Eit døme er den unge svenske miljøaktivisten Greta Thunberg. Når ho fyrer av kraftsalvene sine mot måten internasjonale leiarar handterer miljøkrisa på, møter ho lite motstand. Tilhøyrarane lyttar derimot andektig og rosar henne for ungdommelege engasjement.
Men slik er det ikkje nødvendigvis andre stader i verda. Der kan sjølv den minste kritikk av ideologi, religion og makteliten resultere i straff og forfølging. Og kritikk retta mot andre samfunnsgrupper kan vere nok til å utløyse væpna konfliktar og etnisk reinsing.
I samband med den amerikanske presidentvalkampen og covid-19-epidemien i 2020 vart det reist eit anna viktig spørsmål: Inneber retten til frie ytringar også retten til å lyge offentleg?
Den sosiale plattforma Twitter valde å utestengje president Trump med tilvising til at dei gjentekne påstandane hans om valfusk var ei medviten løgn, som hadde til føremål å villeie den amerikanske befolkninga. Fleire sosiale medium har sperra ytringar som dei meiner spreier usanne påstandar om covid-19 og biverknader av vaksinasjon.
Slike hendingar viser at uinnskrenka ytringsfridom i ytste konsekvens kan vere ein fare for demokratiet, og eit mektig våpen for autoritære krefter som ønskjer å skape og styrkje konfliktar i og mellom land.
Nokre viktige omgrep
naturrett
liberalisme
individualisme
kollektivisme
kapitalisme
kommunisme
sekularisering
kulturimperialisme