Hopp til innhald
Oppgåve

Skriftleg oppgåve: Ytringsfridom utan grenser?

I denne oppgåva skal du vise at du forstår kva ytringsansvar inneber, og kan formidle det til andre i eigne medietekstar. Du skal òg drøfte i kva grad retten til å ytre seg fritt bør omfatte alle menneske, og kva som kan vere til hinder for det.

Målet med denne oppgåva er

  • å vise at du forstår og kan nytte nokre sentrale omgrep

  • å vise at du forstår forskjellen på informasjonsformidling og strategisk kommunikasjon, og kan utvikle ein medietekst slik at han treffer ei bestemd målgruppe

  • å vise at du kan reflekterer over problemstillingar knytt til avgrensingar av ytringsfridommen, og førestillinga om ytringsfridom som ein allmenngyldig, global menneskerett

  • å vise at du kan bruke faglege omgrep og teoriar når du drøftar ei problemstilling i ei skriftleg oppgåve

Oppgåve 1: Omgrep

Forklar og gi døme på desse omgrepa:

  • ytringsfridom

  • ytringsansvar

  • ulovlege ytringar

  • liberalisme

  • kollektivisme

  • sekularisering

Oppgåve 2: Lag to plakatar om ytringsansvar

Lag teksten til to ulike plakatar som skal hengje i kantina på skulen din.

  • Føremålet med den første plakaten er å informere elevane ved skulen om kva ytringar som er ulovleg å poste i sosiale medium.

  • Føremålet med den andre plakaten er å appellere til elevane om å vise ytringsansvar i kommunikasjon med andre.

Beskriv korleis du ser for deg å forme ut plakatane visuelt, og reflekter over forskjellen på informative og appellative medietekstar.

Oppgåve 3: Drøftingsoppgåve

Retten til å ytre seg fritt er nedfelt i § 100 i Grunnlova, og inngår òg i FNs menneskerettserklæring. I samfunnet vårt er det vanleg å hevde at ytringsfridom er ein allmenngyldig rett som omfattar alle menneske i verda, uavhengig av styresett, kultur og religion.

Drøft i kva grad alle innbyggjarar i Noreg har full ytringsfridom, og om det er rimeleg av Noreg å stille krav om at andre land i verda gir innbyggjarane sine full ytringsfridom.

Relatert innhald

Fagstoff
Ytringsfridom – ei vestleg oppfinning?

Kritisk perspektiv på ytringsfridom som ein liberal, vestleg verdi. Har vi rett til å krevje at andre kulturar underkastar seg vår røyndomsoppfatning?