Hopp til innhald

Fagstoff

Den tredelte hjernen

Som barne- og ungdomsarbeidar er det nyttig å forstå kva som skjer i hjernen til barn og unge når dei blir utsette for ytre påverknad. For å forstå kva som skjer, kan vi nytte den tredelte hjernen som ein arbeidsmodell.
Lita jente blæs såpebobler. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Korleis fungerer hjernen?

Hjernen er eit komplisert organ som gjer oss i stand til å sanse, tenkje og styre rørslene til kroppen. Hjernen startar utviklinga si frå svangerskapsveke fire. Utviklinga går føre seg gjennom heile svangerskapet og heile barndommen, og hjernen blir rekna som fullt utvikla først ved 25-årsalderen.

I hjernen blir all informasjon vi får, lagra. Det kan vere synsinntrykk, lukter, lydar, opplevingar, faktakunnskap, erfaringar og innlærte handlingar. Noko informasjon er vi klar over at vi tileignar oss, noko blir utført automatisk, noko hugsar vi berre eit par sekund, og noko kan vi hugse resten av livet.

Hjernen utviklar seg på bakgrunn av korleis han blir nytta. Vi seier derfor at hjernen er bruksavhengig. I dei første fem åra blir hjernemassen tredobla, og det skjer ein enorm produksjon av nervebanar. I samspel med omgivnadene sine får barnet nye erfaringar og kunnskap som blir lagra i nervebanar i barnehjernen. Jo fleire føremålstenlege samband vi lagar i nervebanane, jo betre bruks- og utviklingsgrunnlag er det for barnet. Vi seier at hjernen blir utvikla i samspel mellom dei biologiske føresetnadene og miljøet rundt barnet, det er eit samspel mellom arv og miljø.

Den tredelte hjernen

Hjernen fungerer som ein heilskap, og for å få ei forståing av kva som skjer i hjernen i ulike situasjonar, nyttar vi modellen som blir kalla den tredelte hjernen.

Her blir hjernen delt inn i tre ulike område ut ifrå kva ansvarsområde dei har. Den nedste delen blir kalla den sansande sjølvstyrte hjernen, så kjem kjenslehjernen, og til slutt kjem den tenkjande hjernen. Alle tre delane må ha kontakt med kvarandre for at vi skal kunne handtere situasjonar på ein best mogleg måte.

Sansehjernen (overlevingshjernen)

Sansehjernen er den "eldste" delen av hjernen og blir òg kalla reptilhjernen eller overlevingshjernen. Denne delen av hjernen inneheld system for å justere kroppstemperatur, hjarterytme, blodtrykk, søvn/vakenheit, svolt/mette og andre kroppsleg styrte prosessar. Ansvarsområdet til sansehjernen er instinkt som er viktige for at skal overleve. Vi må til dømes reagere raskt i farlege situasjonar. Alt vi ser, høyrer, luktar, kjenner og smaker, blir oppfatta og lagra i sansehjernen.

Vi har ulike typar instinktive overlevingsmekanismar, som refleksar (trekkje til oss handa når vi legg ho på ei varm plate), rope om hjelp, flukt, kamp, frystilstand og total overgiving. Eit døme er når eittåringen blir svært lei seg når den føresette går frå barnehagen. Barnet reagerer kanskje med å rope etter foreldra og gråte. Då løftar du opp barnet, voggar litt med kroppen din, og du snakkar med roande stemme. Du regulerer barnet ved hjelp av så å seie alle sansane til barnet. Du snakkar, berører og lyttar samtidig som du verkar som ein trygg vaksen.

Kjenslehjernen

Kjenslehjernen blir òg kalla pattedyrhjernen eller det limbiske systemet og vart utvikla for 250 millionar år sidan. I kjenslehjernen er det spesielt to strukturar du må kjenne til: amygdala og hippocampus.

Amygdala er alarmsentralen i hjernen. Når vi blir utsette for farar, har han to måtar å reagere på: den raske vegen eller den langsame vegen. Den raske vegen sender signal fort ut i kroppen slik at kroppen set i gang dei ulike overlevingsmekanismane som du las om under sansehjernen (flukt, skrik og liknande). Den langsame vegen går via tenkjehjernen, og han gjer oss i stand til å tenkje igjennom om situasjonen er farleg eller ikkje.

Hippocampus blir kalla biblioteket i hjernen. Her blir alle minna frå dei situasjonane og hendingane vi hamnar i, lagra. Alle dei tidlegare erfaringane våre blir lagra, og dei hjelper oss til å sortere ut kva som er farleg eller ikkje farleg. Saman med tenkjehjernen hjelper hippocampus til med å regulere ned stress og vonde kjensler når alarmsentralen av hjernen har vorte aktivert.

I kjenslehjernen finn vi evna til tilknyting og omsorg og utvikling av kjensler. Kjenslene er eit slags signalsystem som fortel oss korleis vi har det, og dei kjenslemessige reaksjonsmønstera blir danna i dei første leveåra. Dei blir påverka av korleis omsorgspersonane har klart å møte dei kjenslemessige behova til barnet.

Tenkjehjernen

Tenkjehjernen blir òg kalla menneskehjernen. Her har vi funksjonar som fornuft, refleksjon, planlegging, medvit, dømekraft og evna til å ta avgjerder. Tenkjehjernen regulerer stress og kjensler og evna til tilknyting og regulering i relasjonar. Denne delen er avhengig av at det har vore god tilknyting og reguleringsstøtte dei første to–tre leveåra.

Andre viktige delar av tenkjehjernen er området som har med medvit å gjere, å vere til stades i noet og område for innsikt og forståing (kunnskap).

Oppgåva di som barne- og ungdomsarbeidar

Som barne- og ungdomsarbeidar er det viktig at du støttar utviklinga til barn og unge på alle dei tre områda i hjernen. Når barn og unge kjem til barnehage, skule/SFO, klubb eller bustad, har dei med seg livserfaringa si. Den tidlege livserfaringa påverkar utviklinga til barnet på godt og vondt. Du skal sørgje for å møte barn og unge på ein god og omsorgsfull måte slik at den nedste delen av hjernen (sanse- og kjenslehjernen) utviklar seg best mogleg og legg grunnlaget for ein god tenkjehjerne.

Nokre gonger møter vi barn og unge som reagerer uforklarleg på situasjonar eller ting som blir sagt. Dessverre er det nokre vaksne som sjølv blir fanga i kjensler og som korrigere, truar, befaler eller straffar barnet. Dei kan fjerne barnet frå situasjonen, til dømes ved å bere det ut, eller fråta det gode. Dette hjelper verken den vaksne eller barnet, og det kan i verste fall øydeleggje for relasjonsbygging.

Barn og unge gjer så godt dei kan, derfor er det viktig at du møter dei med forståing. Du må forstå at det ligg noko bak reaksjonane deira i situasjonar som kan vere utfordrande for dei, og du må hjelpe dei til å setje ord på kva som skjer. Når du møter barn og unge på ein kjærleg måte, samtidig som du veit korleis hjernen verkar, er du med på å byggje opp under ei god hjerneutvikling både hos barnet og deg sjølv.

Utfordringar til deg

  1. Kva tenkjer du om den tredelte hjernen? Høyrest det riktig ut for deg?
  2. Har du nokon gong vorte skikkeleg redd utan at det eigentleg var fare på ferde? Kvifor skjedde det, trur du?
  3. Korleis kan modellen med den tredelte hjernen hjelpe deg med å forstå åtferda til barn og unge?
  4. Vi lærer med heile hjernen, ikkje berre med tenkjehjernen.

    1. På kva måte treng vi òg kjenslehjernen for å lære?
    2. Når treng vi sansehjernen for å lære?
Kjelder

Tran, V. ( 2019, 24. april). Hjernens utvikling. Norsk helseinformatikk. https://nhi.no/kroppen-var/fosterets-utvikling-embryologi/hjernens-utvikling/

Ringereide, K. & Thorkildsen, S. L. (2019). Folkehelse og livsmestring. Tanker, følelser og relasjoner. Pedlex.

Relatert innhald

Sentralnervesystemet består av hjernen og ryggmergen. Her kan du studere oppbygginga av hjernen og funksjonen til sentralnervesystemet.

CC BY-SASkrive av Riborg Anna Ringereide.
Sist fagleg oppdatert 22.10.2023

Læringsressursar

Kognitiv utvikling og funksjonen til hjernen