Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Forstå åtferda til barn

Av og til reagerer barn og unge uforklarleg på situasjonar eller ting som blir sagt. Nokre vaksne korrigerer, truar, befaler eller straffar barnet ved å fjerne dei frå situasjonen med at dei må gå ut, eller ved å ta frå dei gode. Dette hjelper ikkje barnet eller den unge.
Illustrasjon av eit hovud med tre delar av hjernen sett frå sida og tre menn rundt, med pilar inn til dei ulike områda. Kapteinen øvst er prefrontal cortex, den tenkjande hjernen. Maskinisten i midten er det limbiske system, kjenslehjernen. Fyrbøtaren nedst er veslehjernen, øvre del av ryggmergen, den sansande sjølvstyrte hjernen. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåver

Casar

Jakob er ti år og bur i fosterheim. De veit at han har samvær med mor ein gong i månaden. Måndag, etter ei helg han har vore hos mor, verkar han mutt og lei seg. Han sit stille i klassen og seier ikkje noko. Du går bort og spør kva det er. Jakob reiser seg brått opp, banner til deg og spring skrikande ut av klasserommet.

Fatima på fem år kjem frå eit krigsherja land. Ho har vore vitne til at landsbyen hennar brann opp. Ein dag dreg de ut i skogen og skal brenne bål for å grille pølser. De har gjort det før med Fatima. Mens de sit rundt bålet med kakao og pølser på pinnar, byrjar Fatima å skrike høgt.

Ahmed går siste året på vidaregåande skule. Han kom til Noreg som ung einsleg asylsøkjar frå Afghanistan. Ein dag, mens han sit med ein gjeng ute i skulegarden, høyrest det kraftige smell. Gjengen byrjar å le då dei ser at det er fyrverkeri. Ahmed på si side blir livredd og legg seg ned på bakken. Han trur det er nokon som skyt.


Dette er ein munnleg aktivitet der de i fellesskap skal forklare og kome fram til gode løysingar. Jobb to eller tre saman.

  1. Forklar kvarandre med eigne ord korleis de forstår den tredelte hjernen.
  2. Les igjennom dei ulike casane, og fortel kvarandre kva de trur skjer i hjernen hos desse tre personane.

    1. Kva skjer i sansehjernen, kva skjer i kjenslehjernen, og kva skjer i tenkjehjernen?
    2. Finn ut og fortel kvarandre korleis ein best kan hjelpe og regulerer dei ulike personane i casane.
    3. Lag rollespel der de prøver ut dei ulike forslaga til hjelp og regulering.
  3. Uforståeleg åtferd er ofte eit uttrykk for indre smerte. Del erfaringar frå situasjonar der de sjølve eller nokon de kjenner, har skjult smerte og frustrasjon bak uforståeleg åtferd.
  4. Finn ut og snakk saman om kva åtferdsuttrykk barn og unge viser når dei har det vondt, er sinte, glade, skamfulle, lei seg, frustrerte og liknande.
  5. Snakk saman og reflekter rundt følgjande påstandar:

    1. Han må ha det veldig kjipt sidan han utagerer og oppfører seg så uforståeleg.
    2. Ho har normale reaksjonar på ein unormal situasjon.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Riborg Anna Ringereide.
Sist fagleg oppdatert 13.02.2021

Læringsressursar

Kognitiv utvikling og funksjonen til hjernen