Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Sanse og utforske naturen

Å nytte sansane gir oss erfaringar som vi nyttar til å danne oss kunnskap og forståing. Det å stimulere sansane bidreg til danning av fleire nervebanar i hjernen. Vi nyttar sansane våre som grunnlag for tankar, kjensler og læring. Korleis kan du utforske naturen ved å nytte sansane?
Edellauvskog. Skogbotn dekt av blomstrande kvitveis, nedfallstre viser at skogen er urørt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Å utforske handlar om å oppleve og eksperimentere. Å utforske betyr å sanse, søkje, oppdage, observere og granske. Vi utforskar òg når vi undersøkjer ulike sider ved ei sak gjennom open og kritisk drøfting. På same måte utforskar vi når vi prøver ut og evaluerer arbeidsmetodar og utstyr. Det er òg det same vi gjer når vi planlegg, gjennomfører og evaluerer aktivitetar med barn.

Del 1. Sansetur

  1. Gå på tur i naturen. Ta bilete undervegs av det du sansar. Bruk alle sansane dine aktivt.

    • Kva ser du?

    • Kva høyrer du?

    • Kva luktar du?

    • Kva kjenner du når du tek på noko?

    • Kva kjenner du når du rører deg i terrenget?

    • Kva smaker det?


  2. Prøv å beskrive kva du følte.

    • Korleis kjennest det til dømes å få vatn, vind, sol eller regn på kroppen?

    • Korleis er det å kjenne med hender, føter, kinnet, leppene eller nasen på til dømes regndropar, snø, eit blad eller ei kongle?

    • Beskriv det du høyrde. Høyrde du vinden, regnet, bekken eller fuglar? Var det tre som vaia i vinden, eller var det heilt stille?

    • Beskriv det du såg. Kva fargar? Korleis var lyset? Kva former såg du?

    • Beskriv det du smakte på. Korleis smaker tyttebær, blåbær, ferskvatn eller saltvatn?

    • Korleis luktar regn, gras, blomstrar, snø, vatn, blad, lyng og mose? Korleis luktar tre?

    • Korleis kjendest det å gå der du gjekk? Var det hardt, mjukt, glatt, ruglete?


  3. Finn ein gjenstand du liker spesielt godt i naturen. Beskriv kva som gjer at du liker denne tingen. Eg liker denne gjenstanden fordi han luktar … Denne gjenstanden kjennest ... Når eg ser på han, ser eg … Viss eg smaker på gjenstanden, smaker han … Eg kan nytte denne gjenstanden til … Viss eg slår denne gjenstanden mot ein annan, høyrer eg …


  4. Utforsk gjenstanden du har studert, gjennom ulike eksperiment. Du kan til dømes utforske det følgjande:

    • Kor tung er gjenstanden?

    • Er han tyngre enn andre gjenstandar? Kvifor/ kvifor ikkje?

    • Trekkjer han til seg vatn?

    • Endrar han farge når han blir våt?

    • Flyt han i vatn?

    • Kan han plasserast oppå ein annan gjenstand?

    • Kva er gjenstanden laga av?

Del 2. Utforskande samtale

Vel deg eitt av bileta du tok, og tenk deg at du er på tur i naturen og skal ha ein utforskande samtale med eitt eller fleire barn om denne gjenstanden.

  • Beskriv korleis du ville gjennomført ein utforskande samtale i denne situasjonen.

  • Gi konkrete døme på kva for nokre utforskande spørsmål du ville ha stilt.

  • Forklar kva du meiner desse spørsmåla kan bidra til at barn får kunnskap om.

Del 3. Lag eit refleksjonsnotat

Refleksjonsnotatet skal innehalde bileta du tok, og ei kort skildring av det du sansa. I tillegg skal du reflektere over desse spørsmåla:

  • Korleis påverkar sansane våre opplevingane våre?

  • Kva såg du då du hadde fokus på å sanse? La du merke til litt meir enn det vanlege?

  • Kvifor hugsar du betre det du sansar?

  • Korleis nyttar du språket når du sansar?

  • Kognitiv utvikling handlar om korleis vi utviklar evna vår til å tenkje, behandle informasjon og løyse problem. Korleis kan det å sanse bidra til den kognitive utviklinga? Gi døme og grunngi svaret ditt.

  • Beskriv kva andre utviklingsområde ein slik sansetur kan stimulere. Gi døme og grunngi svaret.

CC BY-SASkrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 04.03.2021

Læringsressursar

Kognitiv utvikling og funksjonen til hjernen