Vygotskij og kognitiv utvikling
Vi får og omarbeider informasjon, vi hugsar og lærer. Den kognitive utviklinga handlar om korleis handlingane til barna og omarbeidinga deira av sanseinntrykk blir utvikla til å løyse problem og reflektere over seg sjølv på ein moden måte. Dei ulike ferdigheitene vi tek i bruk for å tenkje, lære og løyse problem, er persepsjon (sanseoppfatning), merksemd, minne, omgrepsdanning og språk, tenking og problemløysing.
Den kognitive utviklinga blir driven framover av at barnet prøver å forstå verda. Kognitiv kompetanse handlar om korleis barnet oppfattar og tilpassar seg verda rundt seg, korleis det tek vare på og utviklar kunnskap og forståing i samhandling med miljøet.
Barn tenkjer og handlar annleis enn vaksne. For å finne ut kva barnet forstår, og om det har evna til å meistre ei bestemd oppgåve, må vi ta utgangspunkt i alderen, erfaringane og forståinga til barnet.
Det er fleire måtar å sjå det kognitive utviklingsforløpet på. Her skal vi sjå på Lev Vygotskij si skildring av den kognitive utviklinga til barn. I relaterte innhald kan du lese om Piagets teori. Hos Piaget er det sentralt at det er den biologiske utviklinga som skaper grunnlaget for læring, og at utviklingsforløpet nærast er fastlagd, som i ein stige. Barn må gjennom eitt trinn før det kjem til neste.
Hos Vygotskij ser vi derimot at det er dei sosiale relasjonane som set i gang læringa. Læring skjer gjennom deltaking i ein sosial og kulturell fellesskap. Barnet byggjer opp kunnskapen sin om verda gjennom erfaringar i direkte samhandling og dialog med andre. Det er denne samhandlinga med andre som formar erkjenninga til barnet og hjelper barnet til å tileigne seg og ta i bruk kunnskapen.
For at barnet skal lære seg å tolke og handtere omgivnader og problem som oppstår, må dei ha eit reiskap for dette, og det meinte Vygotskij er språket. Det er språket som gjer det mogleg for barn å delta i sosiale samspel, både i form av konkrete samtalar med andre og i form av indre dialogar. Dei indre dialogane stimulerer tenkinga til barnet. Tenking blir utvikla gjennom språkleg samhandling. Språket blir dermed berebjelken for den intellektuelle utviklinga til barn.
Hos Vygotskij blir språket sett på som ein grunnleggjande byggjestein for tenkinga til barnet og ein føresetnad for læring og tenking. Vi utviklar tenkinga vår gjennom deltaking i samtalar, og vi utviklar språket vårt gjennom tenking. Den kognitive utviklinga hos barn skjer i samtalar med andre. Barn opplever verda gjennom sansane, men òg gjennom språket. Dei nyttar språket til både å tenkje på og omarbeide opplevingane sine og til å kommunisere desse til andre. Språket blir etter kvart utvikla til eit mentalt verktøy til å strukturar tankane og handlingane våre. Utviklingsprosessen går frå ytre opplevingar og samhandling til eit indre språk.
Frå ytre språk til indre tale
Vygotskij beskriv utviklingsforløpet frå ytre språk til ein indre tale. Det ytre språket nyttar vi når vi kommuniserer med andre. I den indre talen blir tenking og språk sameina.
Den første kommunikasjonen barnet har med omverda, skjer ved at det uttrykkjer kjensler og ønske gjennom vokalisering, lydar og kroppsspråk. Tenkinga er usamanhengande, og språk og tenking er enno ikkje samordna.
Etter kvart utviklar barn det første språket sitt, med setningar som er direkte knytte til praktiske situasjonar. Barn uttrykkjer ofte kva dei gjer: "Eg et." Når barna snakkar om det det gjer, i ei form for å tenke høgt, prøver dei å skape samanheng i tilværet. Dette blir kalla egosentrisk tale. Tankane til barnet er om det dei ser eller gjer. Barn nyttar denne forma for tale i eit overgangsstadium mellom ytre språk og indre tale. Språket blir gradvis ein del av barnet og dannar byggjesteinar i tankeprosessen.
Allereie i førskulealderen blir funksjonen til språket utvikla til å bli todelt. Det ytre språket blir forankra i den indre talen, i tankane. Tankane blir eit mentalt verktøy som blir nytta til å kontrollere dei indre kognitive prosessane, både til problemløysing og til indre refleksjonar. Det inneber at dei nyttar den indre talen, tankane, til å regulere eigne handlingar, kontrollere merksemda og justere kjenslene sine.
Utviklinga skjer frå at barnet kan gjere noko saman med andre, til at det kan gjere det sjølv. Vygotskij var oppteken av korleis ein som vaksen kan støtte læringsprosessen til barnet. Han er kjend for omgrepet den næraste utviklingssona. Det vil seie at vi kan skilje mellom det barnet klarer utan hjelp (det barnet meistrar), og det barnet kan gjere med støtte og rettleiing frå ein som er meir kompetent (den næraste utviklingssona).
Den næraste utviklingssona er det området av oppgåver som er for vanskelege til at barnet klarer dei åleine, men som det kan klare med hjelp, rettleiing og oppmuntring av andre som er meir kompetente. Ein som er meir kompetent, kan vere eit anna barn eller ein vaksen. Rettleiinga som blir gitt, må vekke interessa til barnet, og spørsmål må bli stilte slik at barnet sjølv kan kome med løysingar. Når nokon gir den støtta og rettleiinga som barnet treng for å lære, blir det mogleg for barnet å løyse problemet på eiga hand og byggje opp kompetanse. Slik blir barnet i stand til å løyse fleire oppgåver utan hjelp frå dei andre. Dermed skjer læringa i den næraste utviklingssona.
Læring går føre seg frå ein sosial til ein individuell prosess. Det ytre språket blir nytta når vi kommuniserer med andre. Det er dette språket som gir føresetnader for ein læringssituasjon mellom barnet og den andre. Det indre språket, som er ei støtte til tankane, blir ein del av den individuelle læringsprosessen til barnet.
Utfordringar til deg
- Nokre teoretikarar meiner den kognitive utviklinga til barn skjer som ein indre prosess, men andre tenkjer at det skjer i samhandling med andre. Kva meiner du?
- I kor stor grad nyttar du språket når du tenkjer?
- Studiar viser at barn som har eit rikt språk (stort vokabular), nyttar sjølvregulerande tale og har betre evne til å regulere seg sjølv i sosiale situasjonar. Det vil seie at dei har mindre førekomst av problemåtferd enn dei barna som ikkje nyttar sjølvregulerande tale. Kvifor er det slik?
- Kva meiner du språkutvikling har å seie for den kognitive utviklinga?
Relatert innhald
Kognitiv utvikling handlar om tankeutviklinga. Vi kan også nytte omgrepet intellektuell utvikling.
Glaser, V. (2014). Ulike psykologiske retninger og perspektiv. I V. Glaser, I. Størksen & M. B. Drugli (Red.), Utvikling, lek og læring i barnehagen. Forskning og praksis (s. 27–44). Fagbokforlaget.
Imsen, G. (2006). Elevenes verden (4. utg.). Universitetsforlaget.
Tetzchner, S. v. (2012) Utviklingspsykologi. Gyldendal.