Stimulere kognitiv utvikling - Pedagogisk arbeid (HS-BUA vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Stimulere kognitiv utvikling

For å stimulere den kognitive utviklinga til barn er det naudsynt med trygge omgivnader, og for å skape eigen kunnskap må barn få moglegheit til å utforske sjølv. Når vi samtaler og lèt barn filosofere over eigne erfaringar, bidreg vi til at dei kan forbetre eller endre kunnskapen sin.

Trygge relasjonar

Når vi skal stimulere den kognitive utviklinga, er det sentralt at vi som vaksne bidreg til å etablere kontakt og skape trygge, varme og forståingsfulle relasjonar. Når barn og unge opplever at vaksne er til stades og gir støtte viss dei kjem i vanskelege situasjonar, blir det skapt ein grunnleggjande tryggleik. Denne grunnleggjande tryggleiken er gunstig for utfaldinga, utforskinga og læringa til barn og unge fordi det er eit trygt og sjenerøst klima for prøving og feiling. Barn og unge som er i eit trygt miljø saman med vaksne som dei har gode relasjonar til, kan nytte energien sin på å lære, i staden for å bli tappa av energi på grunn av bekymring eller frykt.

Dei gode, varme og omsorgsfulle vaksne veit korleis dei skal trekkje barn og unge med i samtalar. Dei nyttar erfaringsnære ord og omgrep knytt til dei opplevingane og erfaringane barnet gjer. Dei møter barn med stor grad av sensitivitet, dei hjelper dei og tek i bruk ulike slags strategiar som støttar den kognitive utviklinga.

Utforsking

Å stimulere til kognitiv utvikling handlar òg om å leggje dei fysiske omgivnadene til rette slik at dei inviterer til utforsking. Barn må få lov til å vere aktive og utforske sjølve, både inne og ute. Dei må få tilgang på spennande leiker og utstyr som inviterer til utforsking og oppgåveløysing, og som er utfordrande. Då vil barnet utforske og gjere eigne erfaringar.

Læring skjer når barnet møter på nye utfordringar som dei ikkje oppfattar eller forstår, og dei blir usikre eller forvirra. Denne uvissa vil motivere barnet til å utforske meir. Barnet vil då tenkje ut moglege løysingar som det prøver ut for å sjå kva resultatet blir. Viss barnet ikkje oppnår det det ønskte, får det gjere eit nytt forsøk. På den måten skaper utforsking erfaringar som har samanheng med tidlegare erfaringar, og barnet utviklar ny forståing og kunnskap.

I utforskinga til barn er det viktig at dei vaksne viser omtanke og er klar over at barnet gjer erfaringar når det utforskar omgivnadene. Vaksne som deltek saman med barnet som med-utforskar og medmenneske, som undrar seg og søkjer etter svar saman med barnet, vil inspirere barn til utforsking og til at barnet gjer nye erfaringar. Desse erfaringane bidreg til å skape nye forståingar hos barnet, og dei er dermed med på å bidra til den kognitive utviklinga til barnet.

Språk og kommunikasjon

Å stimulere og fremje språkutviklinga til barnet er viktig for den kognitive utviklinga. Språket gir moglegheit for kommunikasjon med andre, men det har òg betyding for tenking. Vi nyttar språket som reiskap når vi tenkjer, vi set saman ord og setningar. Barn må derfor lære ord og omgrep og lære korleis dei kan setje saman ord til setningar. Språket blir stimulert gjennom at dei vaksne nyttar språket aktivt i all samhandling med barn og unge. Vaksne kan kommentere og setje ord på handlingar og ting i kvardagen, og dei kan invitere barnet til å vere språkleg aktivt i aktivitetar og leik. Vi opnar for samtalar og undring saman med barna ved å stille opne spørsmål, slik at barn kan snakke om og omarbeide opplevingane sine.

Ein omsorgsfull og sensitiv samtalepartnar ser heile barnet og lyttar til barnet med heile seg. Det er ein samtalepartnar som gir barnet tid til å tenkje og svare. Ein vaksen som òg beskriv og forklarer hendingar og erfaringar, og på den måten hjelper barnet til å forstå samanhengar.

Filosofi med barn

Det er naturleg for barn å spørje og undre seg om den verda dei er ein del av. Filosofi er å stille spørsmål, reflektere og tenkje. Filosofi med barn og unge dreier seg om undring og fundering. Det å fantasere og leike med tankar gir mykje glede og bidreg til den skapande evna til barnet. Det er derfor viktig at vi stimulerer denne aktiviteten og gir tid og rom for slike aktivitetar i kvardagen.

Når vi tenkjer at filosofi for barn bidreg til kognitiv utvikling, er det fordi barn gjennom filosofiske samtalar får moglegheit til å tenkje kritisk, systematisk og kreativt. Kritisk tenking inneber å ha ei open og undersøkjande tilnærming til påstandar og oppfatningar. Filosofiske samtalar skil seg frå vanlege samtalar ved at dei meir strukturerte og systematiske, samtidig som det ikkje finst eintydige svar.

Filosofiske samtalar

Filosofiske samtalar er undersøkjande samtalar der vi leiker oss med tankar og argument. Eit godt utgangspunkt for slike samtalar er barn sine eigne grubleri. Barna blir utfordra til å setje ord på tankar og meiningar og til å prøve å sjå nye sider ved eit tema eller ei erfaring. Dei får prøvd ut forståinga og argumentasjonen sin saman med andre, og kanskje ser dei at det ikkje finst eit eintydig svar, men eit utal moglege løysingar. På den måten bidreg filosofiske samtalar til at barnet kan tenkje nytt og sjå ting i eit nytt lys, og dermed forbetre eller erstatte eigen teori.

For å få til undrande og undersøkjande samtalar er det viktig at vi som vaksne ikkje verkar som om vi sit på fasiten. Føremålet med undersøkjande samtalar er å tenkje og finne ut om det ein har tenkt, er haldbart. I staden for å gi svara må dei vaksne stille spørsmål som opnar for barna sin eigen refleksjon. Vi må stille spørsmål som viser problema med oppfatningar som barnet lanserer, slik at det må tenkje gjennom saka på nytt. På ein undrande måte pirkar vi i noko som er uklart, problematisk eller ufullstendig i oppfatninga til barnet. Vi kan òg stille spørsmål om det kan hende det er meir enn eitt mogleg svar.

Utfordringar til deg

  1. Korleis kan du stimulere den kognitive utviklinga til barn og unge?
  2. Korleis kan du gjennomføre filosofiske samtalar med barn?
  3. Kva meiner du at undring har å seie for den kognitive utviklinga til barn?

Kjelder

Halvorsen, T. (2009). Fokus på kognitiv utvikling i sosialfaglig arbeid med barn. Fontene forskning, 2009 (1). https://fonteneforskning.no/forskningsartikler/fokus-pa-kognitiv-utvikling-i-sosialfaglig-arbeid-med-barn-6.19.265273.e666718fa5

Størksen, I. (2007). Barnet i barnehagen: relasjoners betydning for tidlig utvikling. I E. Henne, A. Hannevik, E. Johnsen, L. Evja & L. W. Welander (Red.), Barna våre – i går, i dag, i morgen. Frelsesarmeen. https://uis.brage.unit.no/uis-xmlui/bitstream/handle/11250/185248/artikkel.PDF

Skrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 09.02.2021