Sanseløype
Føremålet med sanseløypa er at barna skal bli kjende med sine eigne sansar. Vi kan nytte det barna sansar, til å utforske dette meir gjennom å stille utforskande spørsmål. Ved å ta undringa til barna på alvor kan vi hjelpe og støtte dei til å få nye erfaringar som utviklar både kunnskap og ferdigheiter på ulike område.
Jobb saman i grupper og planlegg ei sanseløype.
Vel sjølv kva aldersgruppe sanseløypa skal passe for.
Ta bilete undervegs i arbeidet og bruk dette i dokumentasjonen og evalueringa di av arbeidet.
Inviter barn til skulen eller dra på besøk til ein barnehage eller SFO og gjennomfør sanseløypa saman med barna.
Evaluer saman i gruppa.
Evaluer samarbeidet i gruppa.
Kva gjekk bra? Gi døme og forklar kvifor de tykkjer dette var bra.
Kva kunne vore gjort annleis? Gi døme og forklar kvifor de meiner dette burde vore gjort annleis.
Evaluer gjennomføringa av sanseløypa.
Kva gjekk bra? Gi døme og forklar kvifor de tykkjer dette var bra.
Kva kunne vore gjort annleis? Gi døme og forklar kvifor de meiner dette burde vore gjort annleis.
Kva vil de gjere for å forbetre løypa og gjennomføringa?
Lag ein plakat som dokumenterer arbeidet de har gjort. De har teke bilete undervegs i prosessen. Samle bileta som gruppa tok, og skriv kort informasjon til dei. De kan òg skrive noko om kva ein slik prosess kan bidra til for dykk, og for barna. På denne måten får de gjort synleg det arbeidet som er gjort, og den prosessen de har delteke i.
Denne plakaten kan de hengje opp i klasserommet, men det er òg fint å vise andre på skulen kva de jobbar med, så de kan hengje han opp på dykkar eiga avdeling eller andre plassar på skulen.
Refleksjonsnotatet skal innehalde ei kort skildring av kva du har gjort, og ein refleksjon over kva du har erfart og lært av denne prosessen. I tillegg skal du reflektere over desse spørsmåla:
Korleis kan du nytte sanseopplevingane til barn til å stimulere den kognitive utviklinga deira? Gi døme og grunngi kvifor.
Kva samanheng er det mellom språk og erfaringar? Gi døme og grunngi kvifor.
Korleis kan du følgje opp initiativet og undringa til barn i ulike situasjonar? Gi døme og grunngi.