Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Teikn det du ser

Å teikne er bra for helsa vår. Mange barn og unge nyttar teikning for å slappe av og kose seg. Etter kvart som vi blir vaksne, sluttar mange å teikne, men det er kanskje ikkje så lurt? Det å teikne gir mange nyttige fordelar, mellom anna er teikning bra for minnet.
Barneteikning av ein familie. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Å teikne

Stimulerer koordineringa mellom hjerne, auge og hand

Å teikne bidreg til å stimulere fleire utviklingsområde. Eitt av dei er koordinasjonen mellom hjernen, auga og hendene. Jo meir du teiknar, jo flinkare blir du. Å utvikle teikneferdigheitene gjer at hendene dine blir eit instrument som hjelper deg til å uttrykkje idéar, tankar og observasjonane dine av verda.

Aukar minnet og styrkjer læring

Teikning er bra for minnet. Forsking viser at det å teikne både forsterkar og hjelper deg til å hugse. Det du har lært, vil du derfor hugse betre. Når vi teiknar, er det fleire område i hjernen som blir aktiverte. Viss du teiknar notata dine, må du fortolke det som blir sagt, dermed stiller du deg mykje meir aktivt til stoffet enn når du skriv direkte av. Dette bidreg til at du får ei djupare forståing av læringsstoffet du jobbar med. Då blir òg sjansen for at du hugsar det, dobla, samanlikna med om du skriv.

Aukar kreativiteten

Teikning er bra for kreativiteten. Vi vekslar mellom å nytte venstre og høgre hjernehalvdel. Vi aktiverer høgrehjernen med fantasi og kreativitet. Vi må ta ei avgjerd om kva vi vil teikne, og etter kvart ser vi kva som bør fiksast. Dette forbetrar både avgjerdsferdigheitene og evna til problemløysing. Denne vekslinga mellom hjernehalvdelane bidreg til at vi tenkjer meir kreativt.

Styrkjer observasjons- og konsentrasjonsevna

Å teikne bidreg òg til at vi øver oss på å granske noko nøyaktig, og det bidreg dermed til den generelle observasjonsevna. Når du teiknar, blir òg konsentrasjonen din stimulert. Du fokusere på berre éin ting, og du kan gløyme tid, stad og deg sjølv.

Er positivt for den psykiske helsa

Forsking viser at teikning bidreg til betre psykisk helse. Teikning har ein roande effekt, det gir avkopling og kan redusere stress. I tillegg gir teikning òg ei glede over å skape noko, det får oss til å føle oss produktive. Teikning bidreg til at vi kan ha det godt.

Blad av vintereik. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåver

  1. Teikn det du ser. Ta med skisseblokk og blyantar ut i naturen. Finn ein plass der det er fint å sitje.

    1. Finn ein gjenstand du vil teikne. Det kan vere til dømes eit tre, eit blad, ein blomster, skyer, ein stein, noko frå kroppen (til dømes øyre, hand, auge, nase, munn), eit menneske eller liknande. Eller du kan teikne det du ser frå der du sit.

    2. Studer gjenstanden eller det du ser i omgivnadene, nøye, og deretter teiknar du. Lag først ei skisse. Deretter prøver du å fylle ut med detaljar. Viss du ønskjer det, kan du utvide skissa med fargar når du er tilbake på skulen.

    3. Tilbake på skulen kan de lage ei utstilling av teikningane dykkar. Gjenta denne øvinga fleire gonger. De kan òg gjennomføre ho i klasserommet eller inne på skulen.

  2. Beskriv og reflekter.

    1. Beskriv opplevinga di av å teikne det du såg. Kva sansar nytta du? Kva erfaringar fekk du?

    2. Korleis kan teikning bidra til betre minne?

    3. Kva samanheng er det mellom teikning og den kognitive utviklinga?

    4. Korleis vil du leggje til rette for at barn og unge skal få teikne både ute og inne?

Kjelder

Balci, S. (2020, 30. januar). Derfor er det bra for voksne å tegne. Forskning.no https://forskning.no/helse-kunst-oslomet/derfor-er-det-bra-for-voksne-a-tegne/1629226

Johannessen, M. (2019, 13. desember). Tegning er best for læring og hukommelse. Lærerbloggen. https://martinjohannessen.blogspot.com/2019/12/tegning-er-best-for-lring-og-hukommelse.html

CC BY-SASkrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 06.03.2021

Læringsressursar

Kognitiv utvikling og funksjonen til hjernen