Hopp til innhald

Fagstoff

Ulike former for leik

Når du som barne- og ungdomsarbeidar skal leggje til rette for leik, er det fint å kunne noko om ulike former for leik. Når du har kunnskap om ulike former for leik, er det lettare for deg å skape gode leikemiljø og gode leikegrupper og å setje av nok tid til leik.
To jenter leiker klappeleiken saman i ein vindaugskarm. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kvifor må du ha kunnskap om ulike former for leik?

Som barne- og ungdomsarbeidar er du pålagd å skape miljø som inspirerer til leik for barn og unge. I samband med dette kan kunnskap om ulike former for leik hjelpe deg å vite kva som er lurt å gjere for å skape eit leikent miljø.

Vi kategoriserer leiken etter kva form og funksjon han har for barnet. Det er viktig å hugse at dette er kategoriar vaksne har laga, og det er ikkje noko barn tenkjer på når dei leiker. I tillegg kan éin leik falle inn under fleire kategoriar.

Du vil òg oppdage at inndelingane av leiken varierer noko etter kva bakgrunn dei tilsette har, og mellom ulike institusjonar. I tillegg kan det vere krevjande å skilje dei ulike leikeformene frå kvarandre og å vite i kva aldersgruppe dei er mest vanlege.

Alle dei ulike formene som blir beskrive her, kan barna anten leike åleine, saman med andre eller ved sida av kvarandre (parallelleik). I tillegg kan barn i alle aldrar leike alle leikeformene, men på ulike måtar.

Øvingsleik

Øvingsleik er ei form for leik der barna øver først og fremst på motoriske ferdigheiter som å gå, springe, hoppe, hinke, klatre, krype. Til dømes når barn i leik balanserer på ein stokk eller klatrar høgare og høgare. Etter kvart som barna blir eldre, er øvingsleik òg ein leik der dei øver på kulturelle ferdigheiter. Det kan vere handlingar som dei ser at dei vaksne aller andre barn gjer. Målet med leiken er utelukkande glede av å meistre noko. Til dømes når du ser barn ta støvsugaren og byrjar å leike at dei støvsugar golvet. Gleda med leiken er ikkje det å få det reint, men gleda over å meistre leiken.

Herjeleik er ei form for øvingsleik der barn og unge er svært fysiske og det er høgt aktivitetsnivå. Barna spring etter kvarandre, dyttar, kiler og leikeslåss.

Øvingsleik er den mest framståande leikeforma i dei første trea leveåra. Etter kvart som barna blir eldre og byrjar på skulen, kan mange øvingsleikar vere prega av at dei er risikofylte. Klatre høgt i trea, leike i stor fart, leike i nærleiken av farlege område og leike med farlege gjenstandar. Handlingar som barn og unge har sett andre gjere, til dømes frå film eller dataspel, blir meir utbreidde etter kvart som dei blir eldre.

Konstruksjonsleik

Konstruksjonsleik inneber at barn konstruerer noko i leiken. Ved hjelp av ulike materiale byggjer og konstruerer dei dyr, menneske, hytter, bilar, vegar og mykje meir. Gjentakande aktivitetar som å setje klossar oppå kvarandre for så å slå dei ned er ein konstruksjonsleik. Å byggje lego er eit anna godt døme på konstruksjonsleik.

Enkel konstruksjonsleik viser seg i byrjinga av det andre leveåret. Etter kvart aukar han, og rundt tre–fireårsalderen utgjer han 40 prosent av leiken til barn. Jo eldre barna blir, jo meir av leiketida blir nytta på konstruksjonsleik.

Jente gøymer seg i ei hytte laga av puter med forskjellige former og fargar. Ho kikar ut gjennom ei lita opning. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Symbolsk leik

I symbolsk leik går barn og unge inn ei anna rolle, til dømes ein annan person, eit dyr eller ein gjenstand. Plutseleg kan ein kloss vere ein bil, eller ein bamse kan bli mamma. Det er den betydninga gjenstanden får i leiken, som bestemmer korleis han skal nyttast eller kva funksjon han får. Til dømes dersom eit barn leiker doktor, er det den leikerolla som bestemmer moglegheiter og avgrensingar i leiken til barnet. Leiken speglar fantasien til barnet og den kunnskapen barnet har om den rolla dei sjølv eller gjenstanden får.

Symbolsk leik omfattar handlingar som er på liksom. Det er når barn i leik lèt som om. Til dømes når barn leiker at dei lagar mat, og du blir invitert til å "smake" på maten. I liksomleiken kan barn gå inn og ut av rolla. I det eine augneblinken er dei pappa, for så å vere seg sjølv. "No er du liksom mamma, og så er eg pappa, og så dreg vi på hytta." I symbolsk leik viser barn og unge kva dei veit og kan. Når du observerer barna i symbolsk leik, er det derfor ei gyllen moglegheit til å bli betre kjend med barna.

Symbolsk leik startar rundt toårsalderen og held fram i ulike former gjennom barnehagen, skulen og ungdomstida. Til dømes er cosplay ei form for symbolsk leik som har vorte populær blant nokre ungdommar. Ungdommane kler seg ut med kostyme og anna utstyr for å likne ein bestemd rollefigur.

Regelstyrt leik

Når vi snakkar om regelstyrt leik, er det viktig at vi skil mellom aktivitetar som har bestemde reglar, og leik der barn lagar sine eigne reglar. Nokre spel krev at barna følgjer reglane heilt nøyaktig, og då kan vi stille spørsmål ved om det framleis er leik.

I regelstyrt leik må barn og unge følgje bestemde reglar for kva dei kan og ikkje kan gjere. Reglene kan i utgangspunktet ikkje blir forhandla om, sjølv om barn og unge i nokre samanhengar endrar på reglane under leiken. Yngre barn har gjerne eit meir fleksibelt forhold til reglane, og målet er snarare å ha det moro enn å følgje reglane. For å kunne vere med i regelstyrt leik må barna forstå reglane og klare å følgje dei. Rolleleik kan òg vere ei form for regelleik sidan det å late som ein er ein person, inneber at ein følgjer visse sosiale reglar. Regelleik startar i femårsalderen, men er mest vanleg når barna er mellom seks og tolv år.

Utfordringar til deg

  1. Finn døme på leik du har sett i praksis, og sorter dei i desse kategoriane:

    • øvingsleik
    • konstruksjonsleik
    • symbolsk leik
    • regelstyrt leik
  2. Kva tenkjer du kan vere fordelen, og kva kan vere ulempa med å kategorisere ulike leikeformer?

Kjelde

Tetzchner, S. von. (2020). Utviklingspsykologi. (2. utg.). Gyldendal akademisk.

CC BY-SASkrive av Riborg Anna Ringereide.
Sist fagleg oppdatert 13.01.2021

Læringsressursar

Ulike typar leik og varierte leikemiljø