Hopp til innhald

Eigenvurdering

Progresjon i kjeldesøk og kjeldekritikk vg1, vg2, vg3

Korleis ligg du an med tanke på din eigen informasjonskompetanse? Kor godt forstår du dine eigne ferdigheiter i kjeldesøk, kjeldekritikk og organisering av kjelder?
Tre ungdommer surfer en laptop på en bølge. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bruk punkta nedanfor til å vurdere ferdigheitene dine innan områda 'Søk og navigasjon' og 'Kjeldekritikk og organisering av kjelder'.

Søk og navigasjon

Strålande

  • Du bruker presise fagomgrep, også på engelsk når det er nødvendig, og varierer søkjeord.
  • Du bruker systematisk 'avansert søk' i fleire søkjemotorar og databasar.
  • Du planlegg kjeldesøket og dokumenterer søket ditt undervegs.
  • Du går deg ikkje bort i søket. Du tar deg heller pausar.

Kompetent

  • Du har oversikt over, og bruker, fagomgrep som søkjeord.
  • Du finn nye søkjeord, og prøver òg med engelske omgrep.
  • Du fortset søket, og undersøkjer fleire kjelder for kvart søk.
  • Du kjenner til og bruker nokon søkjemotorar og databasar.
  • Du prøver å følgje planen for kjeldesøket, og går tilbake til han viss du ramlar ut.

På veg

  • Du bruker nokon fagomgrep som søkjeord.
  • Du varierer bruk av søkjeord.
  • Du bruker nokon kjelder til å skaffe deg oversikt, og nokon for å gå djupare inn i tema.
  • Du planlegg søket, men synest det er vanskeleg å følgje planen.
  • Du følger med på når du går deg bort og veit hva du skal gjere for å kome på sporet igjen.

Nybegynnar

  • Du gjer enkle søk på Google.
  • Du går deg ofte vill og avsluttar søket med uforetta sak

Kjeldekritikk og organisering av kjelder

Strålande

  • Du bruker strategiar for vurdering og dokumentasjon av kjelder.
  • Kjeldene dine er pålitelege og relevante.
  • Du har plukka ut presist og relevant innhald frå kjeldene.
  • Du viser dermed god oversikt over tema og bruker kjeldene til å løyse problemet.

Kompetent

  • Du bruker læremidla i fag som hovedkjelder, og fyller ut med ein eller to kjelder frå oppslagsverk og nettstader.
  • Kjeldene dine er pålitelege og relevante.
  • Du bruker relevant innhald frå kjeldene for problemet du jobbar med.
  • Du får fram kvifor nettopp desse kjeldene er brukte.

På veg

  • Du bruker læremiddel som utgangspunkt for vidare søk på nett.
  • Nokon kjelder er pålitelege og relevante. Andre er ikkje det.
  • Du gir grunn for kvifor du har brukt kjeldene, men kan av og til vere litt usikker på om dei løyser problemet.

Nybegynnar

  • Du bruker læremidla i faget.
  • Du bruker upålitelege kjelder som for eksempel Daria.
CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge, Else Ness og Linda Røysi.
Sist fagleg oppdatert 02.11.2018

Læringsressursar

Kjeldebruk og kjeldetilvising