Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Gå på jakt etter fusk og plagiat

I denne oppgåva skal de opptre som lærarar. De får delt ut ei rekkje casar der de skal finne ut om elevane dykkar har fuska eller opptredd reieleg. Målet er at de skal sitje igjen med sikker kunnskap om kva som er forskjellen på parafrasering med korrekt kjeldeføring, tvilstilfelle og rein fusk.
Ung kvinne med briller som held oppe ei bok. Grafikk som illustrerer kunnskap, informasjon og nettsøk er plassert rundt på fotografiet. Foto/grafikk.

Del 1: Juks og plagiat, grensetilfelle eller heilt greitt?

Kva kan de eigentleg om fusk, plagiering og heilt grei kjeldeføring? Sjekk dykk sjølv ved å løyse casane under. Jobb i par eller i grupper. Fasiten finn de når de skal sjå filmen om Plage-Tor i del B.

A. Diskuter casar

Gå saman i par eller grupper. Sjå på døma under, og diskuter om de meiner elevane som er nemnde, har drive juks og plagiat, om det er eit grensetilfelle eller heilt grei kjeldebruk.

  1. Nora skal levere inn ein tekst om Et dukkehjem til norsklæraren sin. I innleiinga presenterer ho forfattaren, Henrik Ibsen, ved å kopiere tre setningar direkte frå snl.no. Juks og plagiat, grensetilfelle eller heilt greitt?

  2. Peder skal levere inn ei oppgåve om det romerske demokratiet til historielæraren sin. I svaret, som er på 500 ord, er 200 av dei kopiert frå snl.no, men Peder oppgir kjelda i parentes. Juks og plagiat, grensetilfelle eller heilt greitt?

  3. Anna skal ha ein presentasjon om hinduismen. Ho finn ei fin setning på Wikipedia og limer ho inn i PowerPointen sin utan å oppgi kjelde. Juks og plagiat, grensetilfelle eller heilt greitt?

  4. Anna finn ut at ho skal fikse litt på presentasjonen om hinduismen. Ho beheld setninga i presentasjonen, men oppgir kjelda i kjeldelista heilt til slutt. Juks og plagiat, grensetilfelle eller heilt greitt?

  5. Mathias skal levere inn ein analyse av romanen Sult av Knut Hamsun til norsklæraren sin. Han finn ein flott analyse på ei engelsk side. Det er vanskeleg å forstå språket på den engelske sida, så han limer teksten inn i Google translate. Då forstår han det meste og ordnar litt på språket slik at det blir meir hans eige. Han oppgir ikkje kjelde. Juks og plagiat, grensetilfelle eller heilt greitt?

  6. Vilde skal levere inn ei drøftingsoppgåve i naturfag om bruk av plast. Ho les informasjon om mikroplast i naturen på nettsidene til Naturvernforbundet og Miljødirektoratet. Mens ho les, skriv ho stikkord for seg sjølv. Etter ein time opnar ho eit Word-dokument, ser på stikkorda og skriv eit avsnitt om mikroplast med eigne ord. Ho oppgir både Naturvernforbundet og Miljødirektoratet som kjelder løpande i teksten og i kjeldelista. Juks og plagiat, grensetilfelle eller heilt greitt?

B. Kva ville Plage-Tor sagt?

Sjå filmen med Plage-Tor under. Han går gjennom tilfelle som er heilt like dei de diskuterte i førre oppgåve. Hadde de rett?

Forslag til fasit om de framleis er i tvil

Case 1: Nora

Svar: Juks og plagiat

Det er ikkje, under nokon omstende, lov til å kopiere setningar frå eksterne kjelder utan å oppgi kjelde.

Case 2: Peder

Svar: Grensetilfelle

Peder vil nok ikkje bli teken for juks sidan han har oppgitt kjelda si. Men karakteren på oppgåva vil garantert bli dårleg fordi store delar av svaret hans ikkje er hans eigne ord.

Tips: Om du les noko på nettet du gjerne vil bruke, ta tre–fire stikkord (ikkje setningar), legg vekk kjelda og vent ein time med å skrive. Når du skal skrive teksten din, kan du sjå på stikkorda, ikkje originalkjelda. Då vil du sikre at språket er ditt eige. Men hugs kjelda i parentes og i kjeldelista!

Case 3: Anna

Svar: Juks og plagiat

Du skal aldri, aldri klippe og lime tekst frå eksterne kjelder utan å oppgi kjelde. Det gjeld også i presentasjonar.

NB! Både podkast og presentasjonar er vanlege vurderingsformer i skulen i dag. Du skal aldri lese opp tekst du har funne på internett når du presenterer noko i slike vurderingsformer. Reglane for plagiering gjeld også munnleg. Bruk alltid dine eigne ord.

Case 4: Anna

Svar: Grensetilfelle

Det er bra at Anna har oppgitt kjelda i litteraturlista si. Det viser at hensikta nok ikkje har vore å jukse. Men ho i tillegg skrive kjelda i parentes på lysarket sitatet står på, for at kjeldeføringa skal bli korrekt.

Case 5: Mathias

Svar: Juks og plagiat

Dette er utan tvil juks og plagiat. Mathias har teke alle poenga frå den engelske sida. Det hjelper ikkje at han omset til norsk. Han må oppgi kjelde både løpande i teksten og i kjeldelista. Han bør dessutan velje mellom å sitere kjelda ordrett på engelsk eller å parafrasere med heilt eige språk. Same kva han vel, må kjelda både komme løpande i teksten og stå i kjeldelista.

Case 6: Vilde

Svar: Heilt greitt!

Endeleg ein elev som har forstått korleis det skal gjerast. Det er sjølvsagt flott å hente informasjon frå pålitelege kjelder på internett. Det Vilde gjer rett, er at ho tek notat frå sida og ventar med å skrive teksten sin slik at ho ikkje hugsar det som står på sida ordrett. Når ho skriv avsnittet seinare, sikrar ho at språket er heilt hennar eige. Likevel oppgir ho begge kjeldene både løpande i teksten og i kjeldelista. Og det er heilt rett gjort, for informasjonen og poenga er jo tekne derfrå, ikkje frå hennar eige hovud.

Del 2: Gå inn i lærarrolla: På jakt etter juksemakarar

Streng lærar framfor tavle. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Når lærarane dykkar prøver å avsløre juks og plagiat, er det ikkje for å plage dykk. Dei gjer det for å sikre at vurderingssituasjonane skal vere rettferdige, og for at juks ikkje skal påskjønnast feilaktig med god karakter.

No får de ein ny case. I denne oppgåva skal de gå inn i rolla som historielærar Bjarne. Han har sett på plagiatkontroll i innleveringsmappa til ei oppgåve, men plagiatkontrollen gir ikkje utslag. Likevel mistenkjer han fusk.

Lærar-tips

Det er ikkje alltid det hjelper å lime inn ein heil tekst i Google, trykkje søk og så vips, er jukset avslørt. Men lærarar kjenner gjerne igjen frasar (to eller fleire ord) som er mistenkjeleg imponerande, og søkjer etter desse.

Case: Historielærar Bjarne

Bjarne har nettopp gitt elevane sine grundig undervisning i demokratiet i antikken. Etter timane har han gitt elevane i oppgåve å drøfte kva for eit politisk system som var mest demokratisk: det romerske eller det atenske. Malin har levert inn eit svar som er svært variabelt. I den siste halvdelen av oppgåva hennar er det mange poeng han ikkje kjenner igjen frå timane, og han synest også språket til Malin er langt betre enn det pleier å vere. Ho har ikkje oppgitt kjelder.

Kvinne som ser gjennom forstørringsglas. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det er særleg avsnittet under Bjarne lurer på. Klarer de å finne ut om Malin har gjort noko gale?

Demokratiet i Aten var mest demokratisk fordi alle kunne foreslå lover. Dessutan stemde borgarane enkeltvis, og loddtrekking fordelte postar. Det var tre organ der saker blei avgjorte av fleirtalet, og alle stemmer talte like mykje. I Romarriket var det slik at Senatet forma ut lovene. Borgarane stemde dessutan i grupper, og eit utval fordelte embete. Derfor var ikkje Roma like demokratisk som Aten.

Fasit

Mistanken til Bjarne var rett. Malin har brukt både poeng og ordrette frasar frå denne sida: https://historienet.no/sivilisasjoner/grekere/hvem-var-mest-demokratisk-i-antikken

Sidan ho ikkje har oppgitt kjelde, er dette juks og plagiat.

Del 3: Kva kunne Malin ha gjort annleis?

Korleis kan Malin lese seg opp og vise kunnskap utan å skrive eit avsnitt som plagierer?

Diskuter i grupper:

  1. Korleis ville de ha gått fram for å vise den same kunnskapen om Aten og Roma, men utan å plagiere, slik det blir gjort i Malin sitt avsnitt?

  2. Skriv avsnittet med eigne ord og oppgi kjelder korrekt, både løpande i teksten og i ei kjeldeliste. Vel om de vil sitere direkte, parafrasere eller kombinere desse referanseteknikkane. De finn reglar for kjeldeføring av internettsider i APA-stilen på Kildekompasset.

Demokratiet i Aten var mest demokratisk fordi alle kunne foreslå lover. Dessutan stemde borgarane enkeltvis, og loddtrekking fordelte postar. Det var tre organ der saker blei avgjorte av fleirtalet, og alle stemmer talte like mykje. I Romarriket var det slik at Senatet forma ut lovene. Borgarane stemde dessutan i grupper, og eit utval fordelte embete. Derfor var ikkje Roma like demokratisk som Aten.

Løysingsforslag

Tips 1:

Før vi skreiv dette løysingsforslaget, las vi den same kjelda som Malin. Men i motsetnad til ho skreiv vi stikkord frå kjelda og la ho vekk, sidan vi ville passe på at språket blei vårt eige. Vi har sjølvsagt også oppgitt kjelde (APA 7th).

Svarforslag:

Det er fleire årsaker til at historikarar vil seie at Aten var meir demokratisk enn Aten. For det første var det sånn at alle som var borgarar, kunne foreslå lover. For det andre blei alle embete gitt ut ved loddtrekking, for at ikkje nokon skulle presse andre til å stemme på dei. Og sist: Alle borgarar hadde ei stemme kvar. Slik var det ikkje i Roma. I staden for at alle hadde ei stemme, blei det stemt i grupper. Dessutan blei embete delte ut i staden for at det blei gjennomført loddtrekking, slik som i Aten. Og det var berre Senatet som kunne foreslå lover (Historienet, 2019).

Kjelder:

Historienet. (2019, 28. mai). Hvem var mest demokratisk i antikken? https://historienet.no/sivilisasjoner/grekere/hvem-var-mest-demokratisk-i-antikken

Tips 2:

Det aller beste resultatet får du om du oppsøkjer fleire kjelder om det same emnet og tek notat frå desse. Då er det mykje enklare å fordøye stoffet slik at det blir ditt eige. Først når du har fordøydd det, kan du skrive på eit språk som er heilt ditt eige.

Del 4: Oppsummer i klassen

  1. Oppsummer alt de har lært om fusk, plagiering og kjeldeføring i klassen.

  2. Diskuter korleis de bør gå fram viss de skal skrive ein tekst der de veit at det ligg mykje relevant informasjon på internett. Korleis kan de bruke informasjonen de finn, utan å halde dykk for tett på kjelda?

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 04.04.2022

Læringsressursar

Kjeldebruk og kjeldetilvising