Oppgave
Planlegg og dokumenter eit nettsøk
Øv deg på å planleggje og dokumentere nettsøk.
Finn fram til minst to kjelder som gir dykk ei forklaring på for eksempel korleis algoritmar blir brukte i marknadskommunikasjon i sosiale medium. Gi deretter en grunn for kvifor kjeldene er gode.
Tips: Kjelden(e) gjer det klart for dykk kva som er ein algoritme, og/eller gjer det mogleg for dykk å presentere eksempel på korleis algoritmer blir brukte i markedskommunikasjon.
De kan eventuelt jobbe med utgangspunkt i eksamensoppgåver. Det er noko meir krevjande.
- Jobb gjerne i grupper.
- Presenter kjeldene i plenum.
- Diskuter fram dei tre beste kjeldene, og gi dei bronse, sølv og gull.
- Bli einige om argument for kvifor dette er dei tre beste kjeldene.