Hopp til innhald

Fagstoff

Effektive søk i Google

Dei fleste av oss bruker søkjemotoren Google til nettsøk. Men vi er ikkje flinke til å bruke den effektivt. Ofte får vi for mange treff, og treffa er ikkje like relevante. For å kunne bruke slike søkjemotorar effektivt krev det at vi forstår kva ein søkjemotor er, og korleis han fungerer.

Robotar

Søkjemotorane bruker såkalla spiders eller robotar for å finne informasjon på nettet. Dei fleste søkjemotorane indekserer tekstdelen av nettsidene og legg dei i ein stor database. Når du søkjer i ein søkjemotor, leitar han etter treff i sin eigen database, han går ikkje ut på veven og søkjer i sanntid slik du kanskje trudde.

Søkjemaskinar les milliardar av sider, men dei forstår dei ikkje. Dei klarer dermed ikkje å sortere sidene etter innhald, men berre etter kva ord som finst på sidene. Søkjer du etter ordet «Titanic», vil du få opp millionar av treff, både under emnet film og under emnet historie. Du kan også få opp treff på heimesida til Olga som har ein hund som heiter «Titanic».

Veikskapar ved søkjemotoren

Søkjemotorane har klare veikskapar:

  • Dei dekkjer berre delar av det som blir kalla den synlege delen av nettet.
  • Dei greier ikkje å følgje med på den eksplosive veksten på nettet.
  • Dei kan ikkje finne alle sider på nettet.
  • Dei eignar seg best om det er noko heilt bestemt du er på jakt etter – detaljerte opplysningar av eit eller anna slag.

Når bør du bruke ein søkjemotor?

Du bør bruke ein søkjemotor når du

  • har eit smalt område eller omgrep du er på jakt etter
  • leitar etter aktuell informasjon i eit emne du kjenner til
  • er på jakt etter ei bestemt side
  • må søkje i fulltekst i millionar av sider
  • ønskjer å få opp ei mengd dokument om emnet ditt
  • ønskjer å søkje etter bestemte typar dokument, som filtypar, kjeldestad, språk, sist oppdatert osb.
  • ønskjer å dra nytte av den siste teknologiske utviklinga på søkjesida, slik som «ranking by popularity», «link ranking» osb.

Spesielle søkjemotorar

Det finst ei mengd spesielle søkjemotorar, her er nokre eksempel:

  • Google Alert – gjer det mogleg å overvake nyheiter på nettet innan emne du sjølv vel
  • CC Search – søkjeteneste for å finne opphavsklarert materiale som bilete, musikk osb. på nettet
  • Wikimedia Commons – filmklipp, bilete og diagram som andre har delt
  • TinEye – gjer det mogleg å finne ut kor eit bilete på nettet stammar frå (Du kan også bruke Google biletsøk til det.)
  • Findsounds – gjer det mogleg å søkje etter lydopptak på nettet som inneheld den informasjonen du er på jakt etter

Andre søkjetips

  • Ofte finn du tekstar på internett som er lange. Då kan det vere lurt å søkje i teksten. Det gjer du ved å bruke Ctrl + F (⌘ + F på Mac). Då får du opp eit søkjefelt i nettlesaren som gjer det mogleg å søkje på nettsida.
  • Om du ønskjer å søkje etter bestemte ord på ein bestemt nettstad, kan du skrive [ord] site: [nettadressen] i søkjefeltet. Om du ønskjer å søkje etter ordet «podkast» på NRK sine nettsider, skriv du altså i søkjefeltet podkast site:nrk.no.
  • Du kan også søkje direkte etter bestemte filtypar. Om du er på jakt etter pdf-dokument, skriv du filtype:pdf. Kanskje er du på jakt etter ei handbok til mobiltelefonen din? Då kan du skrive apple iphone manual filetype:pdf.
  • Her har du eit oversyn over spesielle søkjeoperatorar i Google.
  • Innhaldet på nettet endrar seg heile tida. Du har kanskje irritert deg over at nettsider har blitt lagt ned, osb. Men ikkje fortvil! Nett-tenesta https://archive.org/ har arkivert over 150 milliardar nettsider som er søkbare. Ho gir også eit interessant overblikk over korleis nettet har utvikla seg dei siste 20 åra.
CC BY-SASkrive av Jan-Arve Overland.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017

Læringsressursar

Kjeldebruk og kjeldetilvising