Hopp til innhald

Eigenvurdering

Progresjon i riktig bruk av kjelder

Kor gode er ferdigheitene dine i bruk av kjelder, referansar og lisensar?
Copyright-symbolet festa til eit kjede med hengelås. Ved sida av hengelåsen er det plassert ein nøkkel.

Riktig bruk av kjelder, referansar og lisensar

Strålande

  • Du viser til og gjev opp referanser til alle kjelder i arbeidsoppgåver, enten det er skriftlege, munnlege, journalistiske eller estetiske kjelder eller arbeidsoppgåver.
  • Du bruker kjelder både direkte og indirekte i flyt med og for å underbygge di eiga stemme.
  • Du bruker konsekvent ein standard for referansar dersom arbeidet er ein skriftleg fagtekst.
  • Du forstår korleis din argumentasjon heng saman med korleis du bruker kjelder.
  • Du har ei fullstendig kjeldeliste til arbeidet ditt, skrive etter ein bestemt standard
  • Du fører opp riktig lisens på innhald du bruker frå andre, der det er relevant.

Kompetent

  • Du har referert til alle kjeldene du har brukt.
  • Du bruker kjelder både direkte og indirekte.
  • Du prøver å følgje en standard for føring av kjelder dersom arbeidet er ein skriftleg fagtekst.
  • Du har ei kjeldeliste med alle kjeldene oppført.
  • Du oppgir ein lisens, men er det riktig?

På veg

  • Du viser til nokre kjelder
  • Det kan vere uklart kor informasjonen du bruker kjem frå.
  • Det er uklart kor i arbeidet ditt kjeldene blir brukte.
  • Du har ei kjeldeliste, ho er kanskje ikkje fullstendig.
  • Du meistrar og bruker direkte sitat.
  • Du bruker andre sitt innhald sjølv om det er copyright, eller utan å oppgi lisens.

Nybegynnar

  • Du refererer ikkje til kjelder i arbeidet ditt.
  • I skriftlege fagtekstar 'klipper og limer' du setningar direkte frå nett, skriv kanskje om nokon ord og fortel ikkje nødvendigvis Kor informasjonen kjem frå.
  • Du har ikkje kjeldeliste.
  • Du veit ikkje kva en lisens er.
CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge, Else Ness og Linda Røysi.
Sist fagleg oppdatert 28.08.2018

Læringsressursar

Kjeldebruk og kjeldetilvising