Hopp til innhald

Fagstoff

Frå kjelder til eigen tekst

Mange skuleoppgåver krev at du skal drøfte eit tema ved hjelp av kjelder. Det er krevjande å gjere dette godt. Du skal først finne gode kjelder, så hente ut informasjonen du treng, før du til slutt skal sortere funna og reflektere over dei i ein skriftlig, munnleg eller samansett tekst.
Mange ungdommar sit på ein datamaskin og søkjer på nett. Grafisk illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Du byggjer kunnskap ved å hente informasjon frå fleire kjelder. Dette blir også gjort av dei som jobbar profesjonelt med kunnskapbygging, til dømes forskarar. Både elevar og forskarar må lære seg korleis dei brukar kjelder i produksjon av eigne tekstar.

Mange elevar seier det er mest krevjande å gjere stoffet til sitt eiget. Det kan verke lettare og tryggare å bruke det andre har skrive. Faren ved det er at du kan bli skulda for plagiat.

Det er ikkje så vanskeleg å få til gode svar der du skriv med eigne ord, men det krev litt arbeid. Du må gjere deg kjend med kjelda, plukke ut sentralt stoff og arbeide med det. Her får du strategiar som hjelper deg å bruke kjelder som utgangspunkt for ei sjølvstendig og god drøfting:

  1. Finn kjeldene du skal bruke. Råd om kjeldesøk finn du i denne læringsstien om navigasjon og nettsøk. Før opp kjeldene i dokumentet du jobbar i.
  2. Skumles tekstane først for å få tak i kva som er hovudsynspunktet i teksten.
  3. Les så grundig, avsnitt for avsnitt, og noter med eigne ord det du har lese. Bruk titrinns-modellen beskrive i denne artikkelen.
  4. Notata dine skal innehalde

    1. viktige poeng frå kjeldene skrive med dine eigne ord.
    2. direkte sitat som du eventuelt kan omarbeide seinare.
    3. kvar tankane og sitata er henta frå. Lim inn lenker til digitale tekstar. Skriv inn tittel og sidetal der kjelda er trykte tekstar.
  5. Sorter det du har lese. Bruk gjerne eit pro-et contra-skjema for å sortere kjelder som har ulike syn på temaet du skal drøfte.
  6. Lag ein disposisjon til teksten din.

    1. I innleiinga presenterer du temaet du skal drøfte.
    2. I hovuddelen drøftar du. Bruk gjerne eit avsnitt til kvart hovudsynspunkt du har funne i kjeldene dine.
    3. I avslutninga summerer du opp og kjem med eigne vurderingar.
  7. Skriv ut teksten din: Legg frå deg kjeldene du har brukt og bruk berre notata dine.

    1. Hugs å føre inn kjeldene i teksten din. Dei skal førast når du har henta informasjon, referert eller sitert frå ei kjelde.
    2. Lag kjeldeliste. Ho skal førast under teksten din.
    3. Set deg inn i korleis du fører kjelder i tekst og lagar kjeldelister:

Denne framgangsmåten kan du bruke på alle teksttypar du skal produsere. Det er like viktig med god kjeldebruk i munnlege og samansette tekstar som det er i dei skriftlege.

Det sentrale ved å arbeide slik er at du heile tida skal formulere innhaldet med eigne ord. Klarar du det, viser du god forståing og sjølvstende.

CC BY-SASkrive av Marthe Johanne Moe.
Sist fagleg oppdatert 15.02.2019

Læringsressursar

Kjeldebruk og kjeldetilvising