Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Forsk på styrkar og svakheiter i klassen

I denne oppgåva skal du forske på ditt eige språk og språket til klassen. Den første delen skal gjere deg kjend med det du er god til. Den andre delen handlar om det du og dei andre i klassen må øve på.

Denne oppgåva krev at de har fått tilbakemelding på minst to tekstar av læraren dykkar.

Steg 1: Bli kjent med dine eigne styrkar

Finn fram to tekstar du har fått tilbakemelding på av læraren din. Skriv ned:

  1. Kva er det som går igjen av positive tilbakemeldingar i kommentarane undervegs i dei to tekstane? Viss du får skriftleg tilbakemelding, er det viktig at du les kommentarane i sjølve teksten.
  2. Kva for positive tilbakemeldingar får du i sluttkommentaren frå læraren?
  3. Oppsummer med eigne ord: Kva er styrkane mine når eg skriv tekstar?
  4. Plukk ut eitt moment som du får mest skryt for. Start setninga med å skrive: "Det eg er aller best til, er å..."

Steg 2: Bli kjent med styrkane til klassen

No skal de dele kva de er gode til med resten av klassen. Det er mange måtar å gjere dette på, men målet er at de skal sjå om det er noko som går igjen. Derfor må alle dele styrkane sine.

Viss de vil vere anonyme, kan de:

Slik brukar de Samtavla
  • Den som skal administrere Samtavla, til dømes læraren, trykkjer på lenka over og loggar seg inn.
  • Administratoren deler Samtavla på skjerm i klasserommet.
  • Trykk på nøkkel-ikonet øvst til høgre. Då vil pin-koden for den aktuelle Samtavla dukke opp.
  • De som skal delta går inn på Samtavla.no og trykker "delta". Her kan de leggje inn riktig pin-kode.
  • Legg inn bidraget ditt ved å trykke på den store oransje knappen nedst til venstre.

Dersom det er greitt for alle i klassen å dele, kan de:

  • Gå opp på tavla og skriv bidraget dykkar. Skriv slik at alle i klassen får plass.

Avslutt med å oppsummere: Kva er det som går igjen? Kva er vi i klassen gode til?

Steg 3: Bli bevisst feila dine

For å bli god til å skrive er det viktig å kjenne til både styrkar og svakheiter du har. Det er inga skam å setje ord på kva du må jobbe med. Det er jo nettopp dette som kan få deg til å bli betre til å uttrykke deg skriftleg!

Les gjennom tekstane med tilbakemeldingar frå læraren din éin gong til. No skal du notere ned:

  1. Påpeikar kommentarane nokon typiske feil ved grammatikken og rettskrivinga? Dette kan kan t.d. vere og/å-feil, særskrivingsfeil, stavefeil, stor/liten bokstav eller anna.
  2. Kva med kommentarane om setningsoppbygginga? Dette kan vere for lange setningar, mangel på flyt mellom setningane, manglande kommatering eller anna.
  3. Legg merke til sluttkommentaren og oppsummer med eigne ord:
  • Kva er dei vanlegaste grammatiske feila i tekstane dine? Skriv dei ned slik at det du slit aller mest med, er det som står øvst.
  • Kva er dei vanlegaste feila i setningsoppbygginga di? Også her skal du skrive ned slik at den vanlegaste feilen står øvst.
  • Marker eitt punkt du meiner er aller viktigast at du jobbar med.

Steg 4: Bli kjent med dei vanlegaste feila til klassen

No har alle medelevane dine skrive ned dei vanlegaste feila sine. Det er på tide å sjekke om de har noko felles.

Følg same oppskrift som då de skreiv om styrkane dykkar. Men sidan det ikkje er sikkert at alle er like komfortable med å dele feila sine med heile klassen, bør de vere anonyme.

Bruk Samtavla eller ei ordsky. Skriv inn den vanlegaste feilen dykkar.

Samtavle om vanlege feil

Oppsummer

Sjå på resultatet: Klarer de å lage ei nummerert liste over dei fem–seks vanlegaste problema i klassen?

Steg 5: Lag grupper

Ta utgangspunkt i lista over dei fem–seks vanlegaste feila. Organiser dykk slik at de har ei gruppe til kvar feil. Du skal gå til den gruppa som skal jobbe med det du har mest problem med. Om den vanlegaste feilen din ikkje kom med på lista, går du til ei av gruppene som jobbar med noko anna du treng øving på.

Viss det er slik at veldig mange i klassen gjer dei same feila, kan det vere de bør ha to–tre grupper der alle jobbar med denne feilen. Kanskje treng de tre grupper om særskriving? Det viktigaste er at alle skal sitje på ei gruppe der dei kan jobbe med noko dei slit med skriftleg.

Steg 6: Lag eit kreativt produkt

No skal de saman i gruppa lage eit kreativt produkt som de skal vise for resten av klassen. Målet er å både visualisere feilen og finne ut av korleis de kan bli betre skrivarar. Produktet skal innehalde:

  1. Eit visuelt element som viser korleis feilen typisk viser seg.
  2. Kvifor gjer vi denne feilen? Kva reglar og/eller tips finst det for det grammatiske emnet?
  3. Oppgåver med fasit.

Tips til del 1

Målet er at de skal vise klassen korleis denne feilen ofte ser ut i tekstar. Om de tør, kan de bruke utdrag frå eigne tekstar som døme. De kan òg bruke døme frå ulike sider på Internett, skilt, restaurantmenyar eller anna.

Finn ein måte å presentere det for klassen på som de trur kan vere både artig og lærerik. Det går både an å lage film, ein kollasj til å henge på veggen eller ein presentasjon med mange bilete.

Tips til del 2

Målet her er at de skal reflektere over kvifor fleire i klassen gjer denne feilen. Diskuter med resten i gruppa og presenter resultatet. Aktuelle spørsmål kan vere:

  • Kvifor deler vi ord som skal skrivast saman på norsk?
  • Kvifor er det så vanskeleg å forstå når vi skal bruke og og når vi skal bruke å?
  • Kvifor bruker vi ikkje punktum litt oftare?

Avslutt denne delen med å vise kva tips eller reglar som gjeld for det aktuelle emnet. Gode kjelder her kan vere Språkrådet, Riksmålsforbundet eller NDLAs sider om grammatikk.

Språkrådets nettsider

Riksmålsforbundets nettsider

Tips til del 3

Her skal de undervise klassen i emnet. Lag gode oppgåver med fasit. Tenk over korleis de sjølv lærer best. Skal de lage fyll-inn-oppgåver som de går gjennom etterpå? Eller kanskje de skal lage ein Kahoot? Kva med eit rollespel for klassen der ein er lærar og ein er elev – eit rollespel der klassen kan bryte inn om "eleven" gjer noko gale? Pass i så fall på at "eleven" faktisk gjer ein feil!

Steg 7: Refleksjon

Etter å ha framført og sett på dei andre i klassen sine produkt, bør du avslutte med å skrive eit refleksjonsdokument der du svarer på desse spørsmåla:

  • Kva for feil gjer klassen?
  • Kvifor gjer vi desse feila?
  • Kva for to–tre typiske feil gjer eg?
  • Korleis skal eg jobbe vidare for å betre skriftspråket mitt?
CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 09.12.2019

Læringsressursar

Skriv korrekt og god norsk!