Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

For eller får?

Sjølv om du uttaler dei to orda likt, betyr dei ikkje det same.

Oppgåve 1

Under ser du to setningar med riktig bruk av for og får. Klarer du å forklare med eigne ord når du skal bruke for, og når du skal bruke får?

Tips: Det kan løne seg å prøve å plassere dei i ordklassar.

  • Eg får vel gå heim no.
  • Du har for mange planar.

Når skal du bruke får?

  • Å få – no får – i går fekk – har fått.
  • Eg (S) får ikkje lov til å gå aleine. (i betydinga "lov til").
  • Du (S) får ei pakke i posten. ("få").
  • Vi (S) får sjå om han vinn kampen laurdag ("komme til å").

Når skal du bruke for?

For kan vere ein preposisjon.Vi kan bruke det i mange ulike betydingar, men det som er felles for dei alle, er at ordet for er ubøyeleg:

  • Det var vanskeleg for henne å spørje om hjelp.
  • Eg jobbar for eit advokatfirma i Trondheim.

I tillegg kan for vere ein konjunksjon. Det betyr at vi bruker det til å binde saman setningar. Vi pleier å bruke for når vi skal fortelje om årsaka til noko:

  • Ho kom for å ordne opp i problema.

Men korleis skal eg hugse dette?

Tips: Sjekk om du kan bøye ordet. Dersom det er mogleg å bøye det, skal du bruke får. Set setninga i fortid, altså den forma du set "i går" framfor for å sjekke:

Døme: I desse setningane fungerer det fint med fekk:

  • Eg får/fekk ikkje lov til å gå aleine.
  • Du får/fekk ei pakke i posten.

Men i desse blir det heilt gale:

  • Det var vanskeleg for/fekk henne å spørje om hjelp.
  • Eg jobbar for/fekk eit advokatfirma i Trondheim.
  • Ho kom for/ fekk å ordne opp i problema.

Oppgåve 2

Oppgåve 3

Tillegg

Får kan òg bety sau. Då er det eit substantiv:

  • Bonden har mange får gåande ute på beite.

Skriv du for med ein tøddel over, fôr, er det mat du gir til dyr. Også då er det eit substantiv:

  • Mange får for mykje fôr. Då blir dei tjukke.
CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 07.01.2020

Læringsressursar

Skriv korrekt og god norsk!