Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Tre kommareglar du må kunne

Kommareglane kan verke uoverkommelege. Men visste du at du kjem veldig langt med å lære deg tre av dei?

Etter å ha gjennomført desse oppgåvene er målet at du skal kunne tre kommareglar som norske elevar ofte slit med.

Målet er altså ikkje at du skal kunne alle kommareglane, men det er ikkje noko i vegen for at du lærer deg desse om du synest du er klar for det. Du kan lese meir om kommareglar på Språkrådet si nettside: Språkrådet om kommareglar.

I den første oppgåva vil du finne dei tre viktigaste kommareglane med nokre oppgåver til. Etter at du har gått gjennom denne, er du klar for resten av oppgåvene på sida.

Oppgåve 1

Oppgåve 2

I presentasjonen over lærte du tre kommareglar. Prøv å fortel dei att skriftleg utan å sjå på presentasjonen. Hugs å lage døme til kvar av dei tre reglane.

Oppgåve 3

Denne oppgåva kan du gjerne gjere saman med ein medelev. Sjå på setninga på kortet og

  1. diskuter om setninga har brukt komma riktig
  2. forklar ved å vise til ein av dei tre kommareglane

Oppgåve 4

Oppgåve 5

Skriv ei historie på omtrent 300 ord. Prøv å leggje inn flest mogleg setningar der du få brukt dei tre kommareglane.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 11.11.2019

Læringsressursar

Skriv korrekt og god norsk!