Sin/sitt/sine eller hans/hennar/deira?
– "Han vaska tåneglene hans."
– "Hæ, var ikkje det litt vel intimt?"
– "Det må jo vere lov å vaske neglene sine når dei er skitne!"
– "Åja... sine ja..."
Den lille dialogen øvst viser at det å blande "sin" og "hans" kan skape forvirring. For når er det eigentleg du skal bruke hans/hennar, og når skal du bruke sin?
For å få til denne oppgåva er det ein fordel å kjenne til omgrepa subjekt og verbal:
- Subjektet i ei setning er den eller det som gjer noko. Ganske ofte er subjektet eit substantiv: "Mannen søv". Men det kan også vere eit pronomen: "Han søv".
- Det er ikkje vanskeleg å finne verbalet i ei setning. Verba i ei setning er nemleg alltid verbal: "Mannen søv, og barnet skal sove."
Klarer du å sjå kva setningar som er riktige under? Fire av setningane har heilt riktig bruk av sin, hans, hennar eller deira, mens fire er gale.
Sjå på setningane:
- Ho skreiv dikta sine medan ho budde i Italia.
- Ho skreiv dikta hennar medan ho budde i Italia.
Den første setninga betyr at "ho" var i Italia og skreiv sine eigne dikt. Den andre betyr at ho skreiv dikta til ei anna kvinne medan ho var i Italia.
Regel
Når du viser tilbake til subjektet i setninga (S), skal du alltid bruke pronomenet sin/si/sitt/sine:
- Ho (S) klaga til mora si.
- Dei (S) kyssa konene sine.
- Dei (S) kjøpte hunden sin på ein kennel i Bodø.
Når du viser til andre setningsledd, skal du bruke hans/hennar/deira:
- Ho klaga til mora hennar. (Sidan det er brukt "hennar" her, må setninga bety at "ho" gjekk til mora til ei anna jente og klaga.)
- Dei kyssa konene deira. (Her er det nokon som kysser andre sine koner, ikkje sine eigne).
- Dei kjøpte hunden deira på ein kennel i Bodø. ("Dei" har drege til Bodø for å kjøpe hunden til nokon andre).
Sjå på setningane under. Kva for ord viser ordet med tjukk skrift til?