Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Sær skrivings feil

Det er ikkje sært med særskrivingsfeil. Faktisk har det blitt så vanleg at det har blitt oppretta eigne sider på Facebook mot det. Men sjølv om det har blitt vanleg, kan vi likevel kjempe mot fenomenet.

Særskriving eller orddeling?

Kva er eigentleg særskriving? Er det det same som orddeling? I videoen under kan du sjå kva orddelingsfeil er:

Orddelingsfeil

Orddelingsfeil er at ord blir delte feil ved linjeskift, noko som til dømes er vanleg på reklameplakatar.

Plakat med orddelingsfeil: Gummi joller til salgs. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dette er sjølvsagt ikkje bra, men ein vanlegare feil i tekstar til norske elevar er dei såkalla særskrivingsfeila.

Særskrivingsfeil

Særskrivingsfeil er når ord som høyrer saman, blir delte. Til dømes viss nokon skriv særskrivings feil. Eller endå verre: Sær skrivings feil, slik vi har skrive det i overskrifta øvst på sida.

Oppgåve 1

Klarer du å kjenne igjen ein særskrivingsfeil når du ser han? I teksten under er det åtte ord som er skilde frå kvarandre, men som skal vere samansette. Trykk på orda som skal vere samansette. Du må altså trykkje på seksten ord for å få alt riktig.

Samansette ord på norsk

På norsk kan vi lage nye ord ved å setje saman to enkeltord:

  • vekst + hus = veksthus
  • blå + kveite = blåkveite
  • ut + arbeid = utarbeide

Slike samansette ord får ofte ei spesiell betyding. Grønsåpe er noko anna enn grøn såpe, og ikkje alle blå bær er blåbær!

Korleis unngå særskrivingsfeil?

Viss du synest det er vanskeleg å forstå om ord skal skrivast saman eller ikkje, følg desse råda:

  1. Ta uttaletesten: Er det mogleg å leggje trykket på ordet som står sist, skal du skrive to ord. Samansette ord har alltid trykk på det første ordet i samansetninga. Prøv sjølv: Korleis uttaler du blå bær, og korleis uttaler du blåbær?
  2. Mange av orda vi deler i to, er substantiv. Kan du setje ein, ei eller eit føre ordet? Då skal det skrivast saman: Du vil jo seie "eit hovudtema" og "ein rundballemaskin".
  3. Ikkje stol på tekstbehandlingsprogrammet ditt! Mange deler opp ord fordi dei får raud strek under det. Det som skjer om du deler ordet, er at den raude streken forsvinn. Men det betyr ikkje at det du har gjort, er rett. Du bør heller stole på ordboka om du er i tvil.
  4. Bruk ordboka. Her får du sikkert svar. Lurer du på om det er riktig å skrive blåbær syltetøy eller blåbærsyltetøy, så gir ordboka deg fasiten.

Oppgåve 2

Bruk reglane du har lært over og sjå om du klarer å plassere orda under i riktig boks. Somme er skrivne gale – dei skal i boksen som heiter "feil". Dei orda som er skrivne rett, skal i boksen som heiter "riktig".

Oppgåve 3

Orda i parentes er alle særskrivne. Oppgåva di er å finne ut om dette er riktig eller ikkje. Skriv riktig form inn i boksen til venstre for ordet.

Oppgåve 4: På jakt etter særskrivings- og orddelingsfeil

Gå på jakt etter særskrivings- og orddelingsfeil. Jobb i par eller grupper.

De skal ta bilete av ulike særskrivings- og orddelingsfeil i lokalsamfunnet og på nettet. Gode kjelder til dette er:

  1. restaurantmenyar
  2. skilt – til dømes namn på butikkar og liknande
  3. eigne tekstar
  4. internettsider
  5. kommentarfelt på nettet

Hugs at det ikkje er lov å hengje ut nokon. Det er ikkje lov til å ta bilete av chattar du har hatt med vener eller kjende. Bruk døme frå eigne stilar om de er komfortable med å synleggjere feila dykkar.

Samle alle bileta i ein kollasj og vis for resten av klassen.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland og Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 08.06.2020

Læringsressursar

Skriv korrekt og god norsk!