Hopp til innhald
Øving

Då eller når?

"Den gang då, kvar gang når". Slik er regelen. Men er det alltid så enkelt?

I utgangspunktet er svaret: Ja! Det er så enkelt at du skal bruke når du skriv om ei hending som skjer ein gong i fortid. Når det er noko som skjer fleire gongar, skal du bruke når:

  • Når eg dreg på ferie, tar eg alltid med meg pass.
  • eg drog til Italia, gløymde eg pass.

Men kva med denne setninga?

  • Når/Då eg var liten, likte eg å spele fotball.

Dersom du skal bruke "den gong då, kvar gong når"-regelen, er det mest logisk at det skal stå når her. Det at "eg" likte å spele fotball, var jo noko som skjedde gjentekne gonger. Men svaret er at det skal stå:

  • eg var liten, likte eg å spele fotball.

Årsaka er at om du skriv om ei hending frå fortida som gjekk over ein lengre tidsperiode, skal du bruke :

  • Ibsen voks opp, budde han i Skien.
  • Noreg var i union med Danmark, var dei fleste nordmenn bønder.

Oppgåve 1

Oppgåve 2