Biletet eller bilete?
Substantivet bilete bøyer du slik i eintal:
Ubestemt form: Eit bilete | Bestemt form: Det biletet |
---|---|
Eg har kjøpt eit bilete | Har du kjøpt det biletet som heng der borte? |
Mange har ein tendens til å skrive setningar som:
- I bilete bruker målaren mange ulike fargar.
- Både teksten og bilete skaper nasjonalkjensle.
Men i desse to setningane står substantivet bilete i bestemt form. Då skal det riktige vere:
- I biletet bruker målaren mange ulike fargar.
- Både teksten og biletet skaper nasjonalkjensle.
Du skal bruke et-ending på substantivet når det står i bestemt form. Det vil seie at du skriv om eit spesielt bilete.
Om du er i tvil, kan du setje om til engelsk. Der du på engelsk skriv "the" framfor substantivet, skal det vere "biletet":
The picture is very nice
/Biletet er veldig fint.
Når substantivet står i ubestemt form, skal det ikkje vere t-ending:
- Eit bilete på veggen kan vere fint.
Dessutan skal du skrive "bilete" etter ubestemt artikkel "eit":
- Det var eit fint bilete.
Også her kan du setje om til engelsk for å få hjelp. Skriv du "a" framfor ordet "picture/painting", skal du bruke ubestemt form:
Have you bought a new painting?/Har du kjøpt eit nytt bilete?
Er det andre inkjekjønnssubstantiv som er vanskelege å bøye riktig? Lag ei liste.