Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lengre eller lenger?

Det er forståeleg at det er lett å blande orda "lengre" og "lenger". Her er det jo berre dei to siste bokstavane som har bytt plass.

– Eg har ikkje tid lengre.
– Unnskyld?
– Eg har ikkje tid lenger, din språknerd!

Det er kanskje ikkje nødvendig å vere så nøye i talespråket, men når du skriv, bør du kjenne til reglane for når du skal bruke lengre og når du skal bruke lenger.

Når skal du bruke "lengre"?

Lengre bruker vi berre når vi gradbøyer adjektivet "lang":

Gradbøying av adjektivet lang

Positiv

Komparativ

Superlativ

lang

lengre

lengst

Sidan det er eit adjektiv, står det berre saman med substantiv eller pronomen:

  • Han var lengre enn henne. (Lengre står til pronomenet "han").
  • Ho hadde lengre skuleveg enn dei. (Lengre står til substantivet "skuleveg").

Når skal du bruke "lenger"?

Lenger bruker vi som adverb. Det vil seie at ordet står saman med eit verb:

  • Ho hoppa lenger enn alle. (Lenger står til verbet "hoppe").
  • Dei sprang lenger enn dei måtte (Lenger står til verbet "springe").

Du skal òg bruke "lenger" når du gradbøyer adverbet "lenge".

Gradbøying av adverbet lenge

Positiv

Komparativ

Superlativ

lenge

lenger

lengst

Adverbet "lenge" bruker vi først og fremst om tid:

  • Han blei igjen lenger enn henne på festen.
  • Kan ikkje du bli litt lenger?

Oppsummering

Røtene til adjektivet lengre er "lang". Det er berre når du skriv om lengde på eit substantiv eller eit pronomen, at du skal bruke dette ordet. Røtene til ordet lenger er "lenge" eller "langt". Du bruker det når du skriv om eit verb eller tid.

Oppgåve 1

Fyll inn lengre eller lenger. For å hjelpe deg er orda som lengre/lenger viser til, kursivert. Hugs at du berre skal bruke lengre om det viser til eit pronomen (han, ho, det) eller eit substantiv.

Oppgåve 2

Lengre eller lenger? Du får eit hint om du trykkjer på i-knappen.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 05.12.2019

Læringsressursar

Skriv korrekt og god norsk!