Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Skriv presist

Av og til kan det vere ein fordel å dele ei setning i to, for å skrive kortare setningar gjer det lettare for lesaren å følgje den raude tråden i teksten din, og bruk punktum ofte så lesaren får både puste- og tenkepauser undervegs.

Den lange setninga i ingressen kan du til dømes skrive sånn:

Av og til kan det vere ein fordel å dele ei setning i to. Kortare setningar gjer det lettare for lesaren å følgje den raude tråden i teksten din. Bruk derfor punktum ofte. Då får lesaren både puste- og tenkepausar undervegs.

Her står stort sett det same som i ingressen, men i staden for to komma, er det brukt fire punktum. Å skrive kortare setningar som du bind godt saman, gjer teksten din meir lesarvenleg.

Kunsten å skrive godt handlar i stor grad om å

  1. unngå for lange setningar. Gjer punktumet til venen din!
  2. bruke ord som du veit alle forstår. Framandord er ikkje forbodne, men du skal vere heilt sikker på at du meistrar omgrepa før du skriv dei.

Alt dette kan vi oppsummere med ordet "klarspråk". Å skrive handlar om å kommunisere. Målet er at dei som les teksten din, skal forstå det du ønskjer å fortelje dei – utan å måtte lese setningane fleire gonger.

Språktips

Riksmålsforbundet skriv om setningsoppbygging:

Avstanden mellom to punktum skal varieres. Bare jevnlange setninger [...]virker tungt og kjedelig, og bare korte virker tørt. Det er ikke lett å gi råd om hvor mange ord det bør være [...]; det kommer an på hvor lange og tunge de er. Men nærmer det seg 30, bør du være på vakt. (Riksmålsforbundet. u.å.)

Ideelt sett bør du altså veksle mellom korte og (passe) lange setningar. Men dette krev at du meistrar eit par viktige kommareglar. Dersom du er ein av dei som slit med å lage gode setningar, kan du

  1. først venje deg til å skrive kortare setningar
  2. lære deg "tre kommareglar du berre må kunne"
  3. etter kvart variere setningslengda meir

Relatert innhald

Døme:

Blir det riktig med komma mellom "et" og "dette" i denne setninga?

  • Som tidlegare nemnd sit ho aleine og drikk te og et (del 1), dette er ikkje vanleg for ei lita jente (del 2).

Nei. Årsaka er at dette er to hovudsetningar som er sjølvstendige og inneheld ulik type informasjon:

  • Del 1: Ho sit aleine og et og drikk.
  • Del 2: Det er ikkje typisk for ei lita jente å gjere dette.

Dette kan vi enkelt gjere om til betre språk ved å skrive:

  • Ho sit aleine, drikk te og et. Dette er ikkje vanleg for ei lita jente.

Råd: Eitt poeng i kvar setning. Har du mykje du vil seie – del opp setninga.

Oppgåve 1

Setningane under er for lange. Skriv dei om. Ikkje sjå på løysingsforslaget før du har prøvd deg sjølv. Hugs at det er lov å stryke alt som verkar unødvendig for setninga!

  1. I romanen ser det ut til at det ikkje skjer noka endring i livet til hovudpersonane og at alt er bestemd, både far og dotter har det vanskeleg frå start til slutt.
  2. Her ser vi livet som møter einslege mødrer ute i samfunnet, hovudpersonen verkar både einsam og hjelpelaus, som realiserer røynda.
  3. Moderne tekstar beskriv røynda vår, dette er lett å sjå i romanen kor heile handlinga speler seg ut på eit kjøpesenter.
  4. Teksten under biletet som seier at produktet «blir selt til støtte for Raudekrossen» og at designet på pakninga er designa av barn viser at bedrifta vil gjere ein innsats på å hjelpe kvinner utan utdanning ved å støtte eit utdanningsprogram i Kambodsja.
Løysingsforslag
  1. Det skjer inga endring i livet til hovudpersonane i romanen. Både far og dotter har det vanskeleg frå start til slutt.
  2. Her ser vi livet som møter einslege mødrer. Hovudpersonen verkar både einsam og hjelpelaus, noko som skal spegle røynda.
  3. Moderne tekstar beskriv røynda vår. I romanen kjem dette fram ved at handlinga går føre seg på eit kjøpesenter.
  4. Teksten under biletet skal vise at bedrifta vil hjelpe kvinner utan utdanning ved å støtte eit utdanningsprogram i Kambodsja. Her står det at produktet "blir selt til støtte for Raudekrossen", og at barn har designa pakninga.

Oppgåve 2

Sjå på setninga under. Her bruker ho som skriv, komma der det burde vere punktum.

Mannen blir på slutten av utdraget sjuk og vi får ikkje vite om han overlever eller ikkje, også dette er eit tydeleg tema i novella at alt er trist og at dei fattige ikkje kan forbetre kåra sine sjølv, mannen kjem ikkje til å bli frisk.

Vanskegrad 1: Del setninga opp ved å bruke punktum. Her kan du gjerne bruke tre–fire setningar. Hugs at du kan endre og byte om på ord viss du synest det skaper eit betre språk.

Vanskegrad 2: Del setninga opp ved å bruke både punktum og komma. Kanskje kjenner du til nokon heilt grunnleggjande kommareglar? Hugs at du gjerne må endre og byte om på ord viss du synest det skaper eit betre språk.

Forslag til løysing

Vanskegrad 1: På slutten av utdraget blir mannen sjuk. Vi får ikkje vite om han overlever eller ikkje. Sannsynlegvis kjem han ikkje til å bli frisk. Tema i novella er at dei fattige ikkje kan betre kåra sine.

Vanskegrad 2: På slutten av utdraget blir mannen sjuk, og vi får ikkje vite om han overlever eller ikkje. Sannsynlegvis kjem han ikkje til å bli frisk. For det at dei fattige ikkje kan betre kåra sine sjølv, er tema i novella.

Kutt unødvendige ord

Eit godt råd for å skrive presist er å kutte unødvendige ord. Sjå til dømes på setninga under. Kva ord kan du kutte, men likevel sitje igjen med akkurat den same betydinga?

  • Avsendar bruker fakta og statistikk i heile lesarinnlegget der han anten presenterer faktaa sjølv eller refererer til statistikk frå mellom anna undersøkingar for å få fram hovudsynet sitt.
Løysingsforslag

Avsendar bruker fakta og statistikk (i heile lesarinnlegget der han anten presenterer faktaa sjølv eller refererer til statistikk) frå (mellom anna) undersøkingar for å få fram hovudsynet (sitt).

  • Altså kan du skrive så enkelt: "Avsendar bruker fakta og statistikk frå undersøkingar for å få fram hovudsynet".

Oppgåve 3

I setningane under er det

  • mange unødvendige ord
  • mangel på punktum
  • gjentaking av poeng

Skriv dei om til enkle, korte setningar. Hugs at du berre skal ha eitt poeng i kvar setning.

  1. Appellforma logos blir brukt for å få fram hovudsynet til avsendaren i lesarinnlegget, lesarinnlegget er sterkt prega av logosappellen og som eit resultat er argumentasjonen i lesarinnlegget prega av open argumentasjon.
  2. Det eg har problem med i dette lesarinnlegget er at med tanke på at han snakkar om engasjement om klimaforandringar og at ungdomar berre klagar og ikkje kjem med løysingar, er det svært vanskeleg for folk i ung alder å kome med til dømes ei løysing sidan vaksne har makta.
  3. Eg meiner at dette med mangel på engasjement blant ungdomar er igjen altfor generalisert av avsendar, på ein måte ja ein har ungdomar som ikkje er villige til å gjere dei offera for miljøvernsaka, men det er definitivt ungdomar som er villige til å gjere det og som ikkje bryr seg om dei personlege forsakingane. Eg meiner at det avsendar skriv her er som sagt altfor generalisert, det vil alltid vere nokon som ikkje er villige til å gjere dei personlege forsakingane men det varierer frå person til person, eg trur at mange nok ville ha vore villige.
  4. Delar av verda var i ferd med å gå gjennom ein moderniseringsprosess, dei fekk eit nytt syn på korleis livet kunne blitt til, det var ikkje lenger Gud som skulle stå i fokus men heller mennesket.
Løysingsforslag

Her kan det vere mange moglege løysingar. Dette er berre forslag til korleis du kan formulere setningane kortare og meir presise. Det kan godt vere at løysinga di er like god som ho under.

  1. Hovudsynet kjem fram ved bruk av logos. Avsendaren speler på fornuft for å overtyde.
  2. Eg er ueinig i at ungdomar klagar og ikkje kjem med løysingar på klimaproblema. Det er nemleg svært vanskeleg å foreslå løysingar når det er dei vaksne som har makta.
  3. Eg meiner avsendar generaliserer når han kritiserer ungdomar for å ikkje ofre seg for miljøsaka. Mange ungdomar er villige til å ofre seg.
  4. På 1700-talet blei samfunnet modernisert. Mellom anna skulle mennesket stå i sentrum i staden for Gud.

Oppgåve 4

Aller mest lærer du av å skrive om ditt eige språk. Få læraren din til å markere setningar som er for lange i ein tekst du har skrive sjølv. Prøv å omformulere desse etter tipsa du har lært over.

Avslutt gjerne med å få ein medelev eller læraren til å sjå på endringsforslaga dine.

Oppgåve 5

  1. Oppsummer det du har lært om kva som er godt språk etter å ha jobba med denne ressursen.
  2. Vil du gjere nokon endringar i ditt eige språk for å bli ein betre skrivar?

Kjelder

Riksmålsforbundet. (u.å). Henta 22.11.2019 frå https://www.riksmalsforbundet.no/hvordan-skrive/rad-om-periode-og-setningsbygning/

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 22.11.2019

Læringsressursar

Skriv korrekt og god norsk!