Hopp til innhald
Oppgåve

Fraktdokumentasjon

Mange papir skal følge med ved ulike godstransportoppdrag. Nokre vil du møte dagleg, andre sjeldan. Her skal du fylle ut eit fraktbrev for innanlands transport.

Transport av vindauge til ordføraren i Oslo

Ordføraren i Oslo skal byte eit vindauge i bustaden sin. Du har fått i oppdrag å frakte vindauget frå bedrifta NorDan på Otta til Oslo.

Vindauget er emballert forskriftsmessig, og det følgande er informasjon om sendinga:

  • lengde 120 cm, høgde 110 cm og breidde 40 cm
  • vekt 42 kg
  • kolliet er merkt med adressa til mottakaren
  • avsendaren skal betale frakta
  • utferdingsdato er i dag
  • før levering skal ordføraren ringjast på telefon 93 30 29 79
  • leveringsadressa og fakturaadressa er Frognerveien 22 A

Fyll ut fraktbrevet for transporten.