Hopp til innhald

Fagstoff

CMR-fraktbrev

Her lærer du kva krav lova stiller til internasjonale vegfraktavtalar.
Eit paragrafteikn står ved sida av ein liten skulptur av Justitia, ei kvinne med bind for auga og ei vekt i den eine handa og eit sverd i den andre. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Basert på CMR-konvensjonen har den internasjonale vegtransportunionen (IRU – International Road Transport Union) utarbeidd eit fraktbrevformular. Fraktbrevet har 18 felt og dekker den obligatoriske informasjonen som eit internasjonalt bilfraktbrev skal ha.

Eit dokument med mange felt til utfylling. Tekst på norsk og tysk. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

CMR-konvensjonen vart gjord til norsk lov i 1969 og er innarbeidd i vegfraktlova. Vi finn reglane om kva eit internasjonalt bilfraktbrev skal innehalde, i § 10 i vegfraktlova.

vegfraktlova § 10
Ved internasjonal framsending skal fraktbrevet innehalde følgande opplysningar:CMR-fraktbrevrubrikk
a) stad og dag for utferding16
b) namn og adresse på avsendaren1, 16
c) namn og adresse på fraktføraren15, 17
d) stad og dag for overtaking av godset, og mottakarstad3
e) namn og adresse på mottakaren2, 18
f) den vanlege nemninga på godset og pakningsmåten, ved farleg gods den alminneleg godtekne nemninga6–8
g) tal på kolli, med særskilde merke og nummer5
h) bruttovekta til godset eller mengda gitt på annan måte9, 10
i) kostnader knytte til framsendinga (frakt, tilleggskostnader, tollavgifter og andre kostnader som kjem til i tida frå avtalen vart gjord, til utleveringa)14
j) nødvendige instruksar som gjeld tollbehandling og andre formalitetar11
k) erklæring om at framsendinga – uansett kva annan avtale som er gjord – kjem inn under konvensjonen (jf. § 1) eller lov som er i samsvar med konvensjonen12
Når det er nødvendig, skal fraktbrevet òg gi opplysningar om:
a) forbod mot omlasting
b) dei kostnader avsendaren tek på seg å betale
c) etterkravsbeløp som skal innkrevjast ved utleveringa
d) opplyst verdi av godset og det beløpet som særleg utleveringsinteresse utgjer, jf. §§ 33 og 35 andre ledd
e) instruksar frå avsendaren til fraktføraren om forsikring av godset
f) avtalt tidsfrist for å fullføre framsendinga
g) oversikt over dei dokumenta som fraktføraren får hand om
Partane kan ta inn i fraktbrevet andre opplysningar som dei meiner er påkravde.

Her er det viktig at du sjekkar at du utleverer godset til riktig mottakar.

Kjelde

Vegfraktlova. (1974). Lov om vegfraktavtaler (LOV-1974-12-20-68). Lovdata. https://lovdata.no/lov/1974-12-20-68

CC BY-SASkrive av Gunnar Ottesen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 23.06.2022

Læringsressursar

Fraktdokumentasjon