Hopp til innhald

Fagstoff

Innanlandsfraktbrev

Her lærer du om krav til dokumentasjon ved avtalar om innanlandsfrakt.

Bruk av fraktbrev

Lov om vegfraktavtaler seier kva formkrav som gjeld ved inngåing av fraktavtalar. Ved innanlandsfrakt i Noreg kan partane bruke fraktbrev, men dei kan også la vere dersom både avsendar og fraktførar er einige om dette:

Vegfraktlova om fraktbrev

§ 7. Ved internasjonal befordring skal fraktavtalen bekreftes ved fraktbrev. Det samme gjelder ved innenriks befordring, med mindre avsender og fraktfører er enige om å unnlate det, eller det medfører særlig ulempe eller ikke er vanlig ved den slags befordring det gjelder.

Transportoppdrag utan bruk av fraktbrev er vanlegast i dei tilfella der kjøpar og seljar samarbeider tett med ein hovudtransportør. Partane kan då avtale at dei berre skal bruke eit utleveringsformular der mottakaren kvitterer for mottak av sendinga. Dette er tilstrekkeleg fordi all nødvendig informasjon blei lagra elektronisk hos transportøren då sendinga blei registrert første gong.

Kva må stå i fraktbrevet?

Vegtrafikklova § 9 listar opp kva for opplysningar som er obligatoriske ved inngåing av fraktavtalar for innanlandstransport:

Obligatoriske opplysningar

Fraktbrevrubrikk

Namn og adresse til avsendar1
Namn og adresse til fraktførar10, 42 og 43
Stad og dag for overtaking av godset, og endemål6, 7, 8, 9 og 17
Namn og adresse til mottakar4 og 5
Talet på kolli og dei særskilde merka og nummera deira, eller ei tilsvarande skildring av godset33, 34, 35
Bruttovekta på godset, eller mengde oppgitt på annan måte36
37 for målegods (volumgods)
Ved transport av farleg gods: den alminneleg godtekne nemninga Skal fyllast ut i samsvar med ADR/RI margnr. 5.4.1.1.

Vegtrafikklova § 10 første og andre ledd listar opp ei rekke andre opplysningar som det kan vere aktuelt å ta med i fraktbrevet. Både avsendar og fraktførar kan krevje at punkt frå desse listene blir tekne med. Når partane er einige, kan dei dessutan ta inn i fraktbrevet andre opplysningar som dei ser på som påkravde.

Felles fraktbrevformular

Formular for innanlandsfraktbrev med i alt 44 rubrikkar. Illustrasjon.

Norske transportørar har blitt einige om å bruke eit felles fraktbrevformular. Dette innanlands-fraktbrevet inneheld i alt 44 felt. Nokre felt er obligatoriske og skal alltid vere utfylte, andre kan partane ta i bruk etter behov. I tillegg har kvart fraktbrevformular eit unikt fraktbrevnummer med ein tilhøyrande strekkode.

Obligatorisk fraktbrev?

Kjøpar og seljar avtaler fritt med kvarandre kven som skal ordne med transport. Då bruker dei internasjonale leveringsvilkår (incotermar). Incotermen som er vald, blir ført opp i felt 27 i fellesfraktbrevet. Ved bruk av incotermane EXW, FCA, FAS eller FOB er det mottakaren som skal ordne med transport. Då det brukast fraktbrev.

Sporing av sendingar

Fraktbrevnummeret gjer det mogleg å spore ei sending. Når vi registrerer sendinga, "skyt" vi strekkoden for sendingsnummeret på fraktbrevet. Kvar gong ei sending blir overført frå ein terminal til ein transportør eller omvendt, "skyt" vi sendingsnummeret på nytt. Dermed blir det mogleg å sjå når sendingsnummeret sist blei lese. Slik kan alle som kjenner sendingsnummeret (sporingsnummeret), spore sendingar.

CC BY-SASkrive av Gunnar Ottesen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 13.01.2023

Læringsressursar

Fraktdokumentasjon