Hopp til innhald

Fagstoff

Meir om innanlandsfraktbrevet

Alle som tek imot gods for transport, må kunne fylle ut felta i eit fraktbrev riktig. Lær meir om nødvendige opplysningar i fraktbrevet.

Fraktbrev i digitalt eller trykt format

Innanlandsfraktbrevet skal fyllast ut litt forskjellig, avhengig av transportør og godstype. Mange transportørar bruker i dag elektroniske fraktbrev og formidlar dei som EDI-meldingar. Det einaste papiret som følger godset, er ei lasteliste slik at sjåføren veit kva som skal lastast på bilen.

I det interaktive skjemaet nedanfor finn du meir informasjon om dei viktigaste postane i fraktbrevet.

Vi bruker innanlandsfraktbrevet ved transport av

  • vanleg stykkgods
  • ufortolla varer innanfor tollområdet etter løyve frå Tollvesenet
  • farleg gods

Vanleg stykkgodstransport

Ved vanleg stykkgodstransport skal sendar fylle ut dei obligatoriske felta i fraktbrevet. Bedrifter med store fraktvolum gjer ofte langsiktige avtalar med fraktførarar. Då opprettar partane kodar slik at dei kan fylle ut fraktbrevet ved hjelp av kodane i staden for tekst.

Tollpassfraktbrev – forpassing

Tollpassfraktbrev blir brukt ved sending av ufortolla varer innanfor tollområdet. Dette blir kalla forpassing og krev løyve frå Tollvesenet. Det er spesielle reglar som gjeld for utfylling av eit tollpassfraktbrev.

Bruk av fraktbrev ved transport av farleg gods

Vegfraktlova § 15 pålegg avsendar eller mottakar å gi nøyaktig informasjon om kva som er faren med slikt gods, og kva sikringsreglar som gjeld. Dei spesielle reglane for utfylling av fraktbrev ved transport av farleg gods finn du i ADR-håndboka, kapittel 5.4 (start på side 1022 i ADR/RID 2023).

CC BY-SASkrive av Gunnar Ottesen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 15.02.2023

Læringsressursar

Fraktdokumentasjon