Hopp til innhald

Fagstoff

ADR-dokument ved vegtransport

Transport av farleg gods krev særskild dokumentasjon. Her lærer du om dokument som skal følge det farlege godset.
Tankbil merkt med symbol for farleg gods. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Farleg gods

Ved transport av farleg gods skal det alltid finnast skriftlege instruksjonar. Unntaket er for transport av avgrensa mengder av det farlege godset.

Desse instruksjonane skal du ta vare på i førarhytta slik at du kan ta med deg transportuhellsskorta viss det blir nødvendig å evakuere (ADR margnr. 8.1.2.3). Ved ulykke overlèt du informasjonen om det farlege godset til skadestadsleiaren så snart denne kjem til ulykkesstaden. I tillegg skal fraktbrev for transport av farleg gods innehalde dei opplysningane som kjem fram av ADR margnr. 5.4.1.1.

Scanna ADR-kompetansebevis med bilete av ei kvinne. Foto.

Sjølv skal du ha med deg gyldig ADR-kompetansebevis i tillegg til ADR-godkjenningsbevis for køyretøyet. Godkjenningsbeviset for køyretøyet skal ligge i køyretøyet. Køyrer du tankbil, skal du ha med deg kompetansebeviset ditt for ADR-tanktransport.

Melding ved internasjonal ferjetransport av farleg gods

I Noreg er innanlands sjøtransport eit kommunalt ansvar. Regelverket stiller krav om at alle som kjem til ei hamn med farleg gods, skal melde frå minst 24 timar før dei kjem. Vi finn reglane i kapittel 3 i forskrift om lossing, lasting, lagring og transport innen kommunens sjøområde og havner innenfor samme område av farlige stoffer og varer.

Kapittel 3 i forskrifta

§ 3-1. Melding

Agent eller transportør for, eller fører av, transportmiddel som bringer farlig gods inn i havner på vei eller jernbane, skal gi melding til havneadministrasjonen om hva slags farlig gods som bringes inn og i hvilke mengder. Melding skal gis minst 24 timer før ankomst. Er ikke dette mulig, skal melding gis så snart ankomsttidspunktet kan fastlegges. Fristen kan reduseres med havneadministrasjonens samtykke.

§ 3-2. Unntak fra meldeplikten

Unntatt fra meldeplikten er farlig gods som transporteres i begrensede mengder, enten i henhold til IMDG-kodens avsnitt 18 eller ADR-konvensjonens MARGNR. 10010 og 10011.

Legg merke til at regelen ikkje berre gjeld fartøy (maritime transportmiddel er regulerte ved IMDG-koden), men alle transportmiddel som bringar farleg gods til hamna. Regelen gjeld altså òg for køyretøy som kjem eit hamneområde med ADR-gods. Viss du til dømes kjem til Oslo hamn med farleg gods som skal vidare med båt til Europa, skal hamnestyresmaktene ha beskjed minst eit døgn i førevegen.

Farleg gods-papir ved sjøtransport

Ved sjøtransport gjeld IMDG-koden. Denne krev at føraren av eit fartøy skal ha oversikt over kvar på skipet farleg gods er lasta. Derfor må ADR-dokumentasjonen kompletterast med eit stuingssertifikat ved ferjetransport. I tillegg skal skipsføraren ha eit sett transportuhellskort og eit sett fraktbrev.

Kjelde

Forskrift om lossing, lasting mv av farlige stoffer i kommunens sjøområde. (2009). Forskrift om lossing, lasting, lagring og transport innen kommunens sjøområde og havner innenfor samme område av farlige stoffer og varer (FOR-2009-12-15-1543). Lovdata. https://lovdata.no/forskrift/2009-12-15-1543

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Gunnar Ottesen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 22.06.2023

Læringsressursar

Fraktdokumentasjon