Hopp til innhald

Fagstoff

Dokumentasjon ved internasjonal avfallstransport

Her lærer du kva dokument som skal følge internasjonale avfallstransportar, og litt om skiljet mellom avfall og produkt ved eksport. Du lærer òg meir om krav til frakt av avfall eller varer internasjonalt.
Aluminiumsboksar pressa og pakka på pallar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Avfall

Avfall er ikkje ei vare. Derfor gjeld ikkje kjøpslova, og det gjer heller ikkje vegfraktlova som regulerer transport av varer (gods) mellom seljarar (avsendarar) og kjøparar (mottakarar). Når varer ikkje har nokon salsverdi, blir dei lett til avfall. Viss ingen tek ansvar for avfallet, blir dette etter kvart eit miljøproblem. For unngå slike problem har dei fleste land etablert ordningar for å ta hand om avfall på ein forsvarleg måte. I Noreg er det Miljøverndepartementet som har ansvaret for avfallsbehandlinga.

Gjenvinning

Arbeidet med avfallshandtering har ført til at mange gjenvinningsbedrifter bruker avfall som innsatsfaktorar i produksjonen sin. Avfall blir dermed ei vare. Det kan vere vanskeleg å skilje mellom kva som er avfall, og kva som er varer, når transport kryssar landegrenser. På nettsidene til Miljødirektoratet kan du lese meir om transport av avfall.

Grensekryssande avfall

Ein internasjonal konvensjon – Baselkonvensjonen – regulerer korleis grensekryssande transport av farleg avfall skal gå føre seg. Grensekryssande avfall skal deklarerast på særskilde blankettar som du kan få utlevert frå eit avfallsmottak.

Skilje mellom brukte produkt og avfall

Brukte produkt frå industrialiserte land har blitt meir og meir ettertrakta i utviklingsland. Dette har auka eksporten av mellom anna utrangert elektrisk og elektronisk utstyr (EE-avfall) frå Noreg. I tillegg blir det eksportert bilar og bildelar som ikkje oppfyller standardkrava til styresmaktene for køyretøy. Det er forbode å eksportere avfall med innhald av farlege stoff frå rike til fattige land.

I Brennpunkt-dokumentaren "Søppelsmuglerne" på NRK kan du sjå korleis avfall i form av gamle bilar og brukt elektronikk blir eksportert ulovleg til afrikanske land for omsetning.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Gunnar Ottesen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 23.06.2022

Læringsressursar

Fraktdokumentasjon