Dokument ved spesialtransport
Fraktførarar som skal transportere gods som er større enn maksimal tillaten breidde, lengde, høgde, totalvekt eller aksellast for køyretøyet, må søke om dispensasjon.
Dei tillatne maksimale dimensjonane varierer for statlege, fylkeskommunale og kommunale vegar. Det er derfor viktig at du set deg godt inn i reglane som gjeld for heile strekninga du skal køyre. Eit viktig hjelpemiddel i det arbeidet er Statens vegvesens oversikt over veglister og dispensasjonar.
Viss eit oppdrag krev dispensasjon, må du søke om dette. Statens vegvesen har oppretta ein elektronisk søknadsportal under namnet Vegsak. Der kan du søke om:
- ein eller fleire spesialtransportar innan éin av Statens vegvesens regionar
- ein enkelt spesialtransport gjennom fleire regionar med breidde opp til og med 3,25 meter
- ein enkelt spesialtransport gjennom fleire regionar med lengde opp til og med 20 meter for semitrailer
Du må sende søknaden om dispensasjon i god tid før transporten skal gå føre seg. Ved søknad om andre spesialtransportar er det best å kontakte Statens vegvesen direkte. Løyvet til spesialtransport må du ta med under transporten.