Hopp til innhald

Fagstoff

Tollpapir

Det er viktig at alt er i orden når vi passerer landegrenser på transportoppdrag. Her lærer du kva papir du må vise tollstyresmaktene ved grensepassering.
Ein tollbetjent ser på ein trailer som passerer ved ein grenseovergang. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tollpapir

Transitteringskonvensjonen fastset reglar for vareflyten mellom nasjonar i EU og EFTA og enkelte andre land.

Varer som har det fulle opphavet sitt i EU-/EØS-området, skal deklarerast etter ein tollprosedyre som Tollvesenet kallar T2. For slike varer gjeld full tollfridom mellom nasjonane. For varer som ikkje har opphavet sitt i EU-/EØS-området, skal vi bruke prosedyren T1. For slike varer skal det betalast toll.

Tollstyresmaktene tildeler sendinga eit transitteringsnummer ved avgang frå eksportlandet. Dette nummeret skal du vise fram ved kvar grensepassering. Når sendinga er framme i importlandet, melder tollstaden der tilbake til avgangstollstaden. Då er transitteringa (overføringa av varer) fullført. Meldingane blir sende elektronisk gjennom det elektroniske transitteringssystemet til Tollvesenet, TET/NCTS.

Grensepasseringsattest

Attest til utfylling. Felta som skal fyllast ut, er identitet på transportmiddelet, type varer (T1, T2 eller T2F) og nummer, avgangstollstad, planlagt transitteringstollstad (og land) og felt der styresmaktene fyller ut dato, underskrift og stempel. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Avgangstollstaden kan utskrive ein grensepasseringsattest som styrer transportmiddelet via bestemde grensepasseringar gjennom fleire land fram til ankomsttollstaden. Landa som godset blir frakta gjennom, kallar vi transittland (gjennomkøyringsland). Viss vi har ein slik attest, skal vi vise han fram ved kvar grensepassering. I tillegg kan den som tolldeklarerer vara, angi kva grensepasseringsstader som er planlagde, i rubrikk 51 i einingsblanketten.

Ulike land

Ved eksport og import mellom EU-/EØS-området og land utanfor EU-EØS-området gjeld andre tollpapir enn einingsblanketten. Kva papir som gjeld i slike tilfelle, kjem fram av bilaterale handelsavtalar mellom landa som er involverte.

Ved transport utanom EU-/EØS-området er TIR-konvensjonen eit alternativ. Denne tollkonvensjonen er forhandla fram av FN. I staden for å fylle ut ein einingsblankett fyller partane ut eit TIR-carnet. Dokumentet får dei ved førespurnad til Norges Lastebileier-forbund.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Gunnar Ottesen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 07.06.2023

Læringsressursar

Fraktdokumentasjon