Fellesskapsløyve og CEMT-løyve
Alle som driv yrkestransport med gods innan EØS-området, må, i samsvar med handelsavtalen (EØS-avtalen) som Noreg har inngått med EU, ha fellesskapsløyve. Kopi av fellesskapsløyvet skal ligge i køyretøyet under transport. Handelsavtalen gir norske transportørar rett til
- transport mellom Noreg og eit land innanfor EU-/EØS-området
- transport av gods i transitt gjennom eit EU-/EØS-land
- mellombels kabotasje (transport av gods i eit anna EU-/EØS-land)
I tabellen kan du sjå kva land som inngår i EU-, EØS- og EFTA-områda:
Handelsunion | Handelsavtalar | Land |
EU | Austerrike, Belgia, Bulgaria, Kroatia, Kypros, Tsjekkia, Danmark, Estland, Finland, Frankrike, Tyskland, Hellas, Ungarn, Irland, Italia, Latvia, Litauen, Luxembourg, Malta, Nederland, Polen, Portugal, Romania, Slovakia, Slovenia, Spania, Sverige | |
EØS | Noreg, Island og Liechtenstein | |
EFTA | Noreg, Island, Sveits og Liechtenstein |
Eit fellesskapsløyve er ikkje alltid tilstrekkeleg. Om du skal køyre til og frå eit land utanfor EU-/EØS-/EFTA-området, må du ha eit CEMT-løyve frå eit land som er medlem av den europeiske transportministerkonferansen, eller ITF, som dette internasjonale samarbeidsorganet heiter no. CEMT-løyve får du frå Statens vegvesen ved behov.
Døme
Om ein norsk sjåfør skal køyre frå Kirkenes i Noreg til Russland, må sjåføren ha med seg eit CEMT-løyve. Grunnen er at Russland ikkje er medlem av EU, samtidig som både Noreg og Russland er medlemmar av ITF.