Hopp til innhald

Kultur og kommunikasjon (SR-SRL vg2)

Yrkesetikk og bedriftskultur

For å kunne yte den beste servicen overfor kundane må du ha god kunnskap om yrkesetikk. Du må følgje alle lover og reglar som gjeld for bransjen – mellom anna reglar for personvern. I tillegg må du opptre i samsvar med etiske normer i arbeidslivet.

Yrkesetikk

Yrkesetikk handlar om korleis du skal oppføre deg i rolla som tilsett, både overfor arbeidsgivar, kollegaer, kundar og gjester. Det finst både skrivne og uskrivne reglar, og det er ditt ansvar å setje deg inn i kva som gjeld på arbeidsplassen din og i yrket ditt.

Læringsressursar

Yrkesetikk