Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Refleksjonsoppgåver til film om etiske dilemma i yrkeslivet

I filmen får vi sjå døme på ulike etiske dilemma vi kan møte som servicemedarbeidarar. Du skal sjå filmen og etterpå reflektere over dilemmaa han tek opp.

Eit etisk dilemma oppstår når du er i tvil om kva som er rett og gale. Døma i filmen viser nokre situasjonar som du kan kome til å oppleve som arbeidstakar. Du skal svare på spørsmåla og reflektere over kvifor dette er typiske dilemma.

Oppgåver

Dilemma 1: Rabatt til ein ven

  • Trur du dette er ein vanleg situasjon for ein som jobbar i butikk?

  • Korleis bør den tilsette førebu seg for å takle denne typen dilemma?

Dilemma 2: Vektar ser ein ven stele

  • Beskriv situasjonen og kva vektaren bør gjere.

Dilemma 3: Tilsett som stel småting

  • Kvifor er det ikkje greitt å stele småting?

  • Kva skal du gjere som tilsett viss du er i tvil om du kan ta ein ting som er øydelagd, eller som du veit skal kastast?

Dilemma 4: Ta imot ei gåve

  • Kvifor kan vi kalle dette ein bestikkelse?

  • Kva skal den tilsette gjere?

Etiske dilemma

  • Kan du tenkje deg andre etiske dilemma du kan oppleve i arbeidslivet?

  • Kvifor er det viktig at ein arbeidsgivar snakkar med dei tilsette om slike dilemma?

CC BY-SASkrive av Cecilie Lund.
Sist fagleg oppdatert 30.06.2021

Læringsressursar

Yrkesetikk