Hopp til innhald
Fagartikkel

Pliktetikk og konsekvensetikk

Kva tenkjer du på når du høyrer ordet etikk? Etikk handlar om kva som er rett og gale. Etikken omfattar både måten vi handlar på, og utfallet av handlingane våre.

Kva er etikk?

Etikk kjem av det greske ethos, som vi kan omsetje med «morallære».

Etikk handlar om å tenkje over kva som er rett og gale, og korleis vi kan grunngi dei vala vi gjer. Etikk heng saman med verdiar. Verdiane våre styrer kva oppfatning vi har av kva som er rett og gale eller bra og dårleg.

Pliktetikk og konsekvensetikk

  • Når vi gjer noko, gjer vi det på ein bestemt måte. Det kallar vi ein handlemåte.
  • Det vi gjer, fører til noko. Det har eit utfall, det vi kallar ein konsekvens.

Når vi er opptekne av ein etisk rett handlemåte, kallar vi det pliktetikk. Den rette handlemåten er då viktigare enn det gode utfallet.

Når vi er mest opptekne av at utfallet skal vere etisk rett, kallar vi det konsekvensetikk. Eit godt utfall er då viktigare enn den rette handlemåten.

Video: Christina Svien / CC BY-SA 4.0

Relatert innhald

Fagstoff
Kva er etikk?

Kva er etikk? Etikk dreier seg om å tenkje over kva som er rett og gale, og korleis vi kan grunngi dei vala vi gjer.