Hopp til innhald

Fagstoff

Korrupsjon og kundepleie

Kva fridomar kan du ta deg på jobb? Kan du gi ekstrarabattar for å vere grei? Kan du ta imot gåver dersom kundane ikkje forventar noko i retur? Mange bedrifter har etiske retningslinjer som du som tilsett må kjenne til.
Forretningskvinne poserer med ein laptop samtidig som ho tek imot ei gåve. Foto.

Kva er korrupsjon?

Med korrupsjon meiner vi at nokon gir seg sjølv fordelar – til dømes i samband med ein avtale mellom bedrift og leverandør.

Eit klassisk døme er korrupsjon ved innkjøp. Éin leverandør blir føretrekt framfor ein annan, fordi innkjøparen har fått fine golfturar, hotellovernattingar, pengar og liknande av leverandøren.

Spesielt alvorleg korrupsjon er når offentleg tilsette berikar seg sjølve. Til dømes har det i norske kommunar hendt at tilsette i eigedomsavdelingane har fått gåver frå underleverandørar, mot at leverandørane har fått kontraktar dei kanskje ikkje burde ha fått.

Dette er eit lovbrot som ofte fører til at prisen på offentlege innkjøp blir for høge. Korrupsjon er både eit brot på etiske standardar og misbruk av skattepengane våre.

Dei etiske retningslinjene til bedriftene må derfor vere tydelege og kjende for dei tilsette. Til dømes er sikkerheitsbedrifter opptekne av å unngå korrupsjon i alle former. Fleire har derfor innført nullgrense for alle typar gåver. Det vil seie at dei tilsette ikkje har lov til å ta imot gåver eller fordelar av noko slag, heller ikkje tenester.

Kundepleie – kva kan tillatast av gode?

Her får du døme på kva som vanlegvis blir akseptert og ikkje blir akseptert innanfor kundepleie:

STOPP (korrupsjon)

  • pengar og dekning av private utgifter
  • gåver med vilkår
  • påspanderte kostbare reiser, opphald og arrangement med lite fagleg innhald
  • seksuelle tenester

VER VARSAM

  • personlege gåver ved runde år og andre høve
  • lojalitetsbonus frå til dømes flyselskap og hotell som blir brukte privat
  • «konkurransar» der premiar blir vurderte som gåver
  • faglege arrangement der reise og opphald blir betalte av andre
  • påspanderte dyre billettar til sports- og kulturarrangement
  • påspanderte dyre måltid og innkvartering med høg standard

OK

  • gåver til selskapet ved store høve
  • reklameartiklar av ubetydeleg verdi
  • gåver av liten verdi, til dømes vinflaske eller blomstrar etter eit kurs (som takk for bidraget ditt)
  • arbeidslunsj eller arbeidsmiddag
  • faglege arrangement der arbeidsgivaren din dekkjer reise og opphald

Du må som tilsett setje deg inn i dei etiske retningslinjene til bedrifta. Men nokre situasjonar kan likevel vere uklare, og det er då viktig med god dømekraft.

Ein tommelfingerregel kan òg vere å spørje deg sjølv: "Er eg komfortabel med at det eg har fått, blir omtalt på framsida av VG i morgon?" Viss svaret er nei, bør du ikkje ta imot gåva eller tenesta.

Relatert innhald

Etiske retningslinjer må ta utgangspunkt i både bransjen det gjeld, og den aktuelle bedrifta.

CC BY-SASkrive av Vegard Floor Søvik og Monica Gjertsen Steinbakken. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 06.11.2020

Læringsressursar

Yrkesetikk