Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Etiske dilemma innanfor sal

Kva gjer du om ein kollega bryt dei etiske retningslinjene til bedrifta, eller om ein leverandør prøver å bestikke deg?
Glad kunde og butikkselger. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I dei fleste serviceyrke vil du jobbe mykje sjølvstendig. Du må ofte ta avgjerder raskt i den augneblinken ting skjer. Det er ikkje alltid tid til å rådføre seg med leiarar eller kollegaer først. At du har god vurderingsevne, er viktig både for arbeidsgivaren din, kollegaene dine og kundane.

Oppgåve 1

Cinemagraph av to hender og en mobil.  Den høyre tommelen scroller på mobilen. Foto.

Kva meiner du blir rett handlemåte i denne situasjonen?

Du jobbar i ein liten nisjebutikk som stort sett har rolege dagar. Kollegaen din bruker mykje tid på sosiale medium og blir ofte sitjande med mobilen utan å vere med på arbeid som oppstår utover dagen.

Du veit frå opplæringa at leiarane er strenge på det dei kallar tidstjuveri, og at dette blir rekna som brot på dei etiske retningslinjene til bedrifta. Det er reglar mot å bruke arbeidstida på private ting, inkludert mobilbruk. Når du minner kollegaen din på reglane, blir stemninga dårleg. Kollegaen din meiner at regelen ikkje gjeld viss det ikkje er kundar i butikken, og seier at det ikkje blir oppdaga uansett. Kva gjer du?

Oppgåve 2

Interiør fra kosmetikkjeden Rituals. Bilde tatt på Lagunen kjøpesenter ved Bergen, oktober 2020.

Du er salsmedarbeidar i ein butikk.

Ein leverandør vil gjerne at butikken skal ta inn nokre nye produkt. Sjefen din er ikkje så veldig interessert i dette, og det veit leverandøren. Leverandøren seier at viss du klarer å få sjefen til å ta inn desse varene, skal du få nokre vareprøver. Du har veldig lyst på vareprøvene.

  • Kva vurderingar gjer du deg?
  • Kva svarer du vedkommande?
  • Ville du ha informert leiaren din om situasjonen?
CC BY-SASkrive av Anki Olsen.
Sist fagleg oppdatert 06.05.2022

Læringsressursar

Yrkesetikk