Hopp til innhald

Fagstoff

Etiske dilemma

Nokre gonger opplever vi at same kva vi gjer, bryt vi med etiske retningslinjer. Då har vi eit etisk dilemma. I slike tilfelle må vi prøve å finne ut kva som er viktigast eller rettast å gjere.
Ei frustrert og tankefull kvinne sit framfor PC-en sin i eit ope kontorlandskap med fleire andre personar i bakgrunnen. Hun støttar haka mot hendene, som er hardt knytt. Foto.

I alle yrke vil vi kome i situasjonar der reglane ikkje gir oss klare svar på kva vi bør gjere, såkalla gråsoner. Dette kan skje sjølv om bedrifta har klare etiske retningslinjer som er tydeleg formidla.

Når du er på jobb, er det viktig at du gjer gjennomtenkte val. Du må vere ein person som bedrifta kan stole på. I servicebransjen er du i mange tilfelle ansiktet utetter i bedrifta.

Tenk over

Kan du kome på eit etisk dilemma du har opplevd i familien, mellom venner, på skulen eller på jobb?

Etisk vurdering

Ei etisk vurdering er ei vurdering av kva som er viktigast eller mest rett. Sjølv om det ikkje finst eit fasitsvar, vil øving gjere deg betre til å ta gode avgjerder.

Det er lurt å tenkje gjennom ulike situasjonar du kan kome opp i på jobb. Diskuter gjerne tenkte tilfelle med meir erfarne kollegaer. Kva ville dei gjort i situasjonane? Kva for nokre andre problemstillingar har dei møtt på som har vore vanskelege? Det er enklare å handle rett i ein situasjon dersom du har tenkt gjennom han på førehand.

I filmen nedanfor får du sjå fire døme på situasjonar som kan vere utfordrande i serviceyrke. Åtferdsøkonom Jon gir råd om kva du bør gjere i dei ulike situasjonane.

Relatert innhald

Etiske retningslinjer må ta utgangspunkt i både bransjen det gjeld, og den aktuelle bedrifta.



CC BY-SASkrive av Mette Holan, Kjell Rosland og Anki Olsen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 08.12.2021

Læringsressursar

Yrkesetikk