Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Etiske retningslinjer og varsling

Del dykk inn i mindre grupper og drøft etiske retningslinjer og varsling, og diskuter i fellesskap det de kjem fram til.
Hånd som trykker på et digitalt vekt-symbol. Foto/digital illustrasjon

Oppgåve 1 – gruppeoppgåve

Fase 1: Gå saman i grupper på tre til fem elevar.

  • Ta utgangspunkt i ei sals- eller reiselivsbedrift. Lag utkast til etiske retningslinjer for bedrifta.

Fase 2: Diskuter resultata i fellesskap i klassen.

  • Kvar av gruppene refererer frå gruppearbeidet. Diskuter punkta dykkar, og finn ut kva som er likt og ulikt.

  • Drøft kva som kan skje dersom bedrifta ikkje følgjer etiske spelereglar.

Oppgåve 2

Varsling

  • Du jobbar som salsmedarbeidar i ein daglegvarebutikk, og du oppdagar at din næraste overordna stadig tek med seg heim ferskvarer som skal seljast til redusert pris på grunn av datomerking. Kva gjer du?

Oppgåve 3

Etiske retningslinjer

  • Søk på Google og finn døme på etiske retningslinjer for ulike sals- eller reiselivsbedrifter (til dømes butikkjeder, hotell, flyselskap eller transportfirma). Kva for nokre etiske retningslinjer er samanfallande for desse bransjane? Og kva er ulikt?

CC BY-SASkrive av Kjell Rosland. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 03.01.2019

Læringsressursar

Yrkesetikk