Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Serviceinnstilt eller bestikking?

Uansett kva serviceyrke du kjem til å jobbe i, vil det å vere serviceinnstilt vere ein viktig del av jobben. I servicebransjen er vi opplærte til å gi det vesle ekstra, vere venlege og hjelpsame. Men kvar går grensa mellom service og bestikking?
Kvinne held ut hendene, tilsynelatande for å velje ein emoji. Digitaliserte emojiar svever over hendene til kvinna og viser ulike kjensler. Illustrasjon.

Oppgåver

I desse oppgåvene skal du setje deg inn i situasjonar som kan finnast i ulike serviceyrke. Oppgåvene kan løysast som eit individuelt refleksjonsnotat eller som drøfting med ein medelev.

1. Du jobbar i ein daglegvarebutikk

Når du er på jobb, kjem det ein kunde bort til deg og fortel at han har vondt i ryggen. Han seier at han er nyoperert, og spør om du kan hjelpe han med å bere varene ut til bilen. Du skal få 200 kroner for bryet.

  • Kva vurderingar gjer du deg?
  • Kva svarer du vedkomande?
  • Ville du ha informert leiaren din om situasjonen?

2. Du jobbar i ein kosmetikkbutikk

Ein leverandør vil gjerne at butikken skal ta inn nokre nye produkt. Sjefen din er ikkje så veldig interessert i dette, og det veit leverandøren. Leverandøren seier at viss du klarer å få sjefen til å ta inn desse varene, skal du få nokre vareprøver. Du har veldig lyst på vareprøvene.

  • Kva vurderingar gjer du deg?
  • Kva svarer du vedkomande?
  • Ville du ha informert leiaren din om situasjonen?

3. Du jobbar på turistinformasjonskontoret

Ein leverandør av eit reiselivsprodukt i nærområdet ønskjer at du skal tilrå produktet deira til turistar i staden for produkt frå andre leverandørar. Du får tilbod om ein sum pengar av leverandøren for alle turistane du sender til denne bedrifta. Du treng pengar, men korleis skal du handtere dette?

  • Kva vurderingar gjer du deg?

  • Kva svarer du vedkomande?

  • Ville du ha informert leiaren din om situasjonen?


Relatert innhald

Etiske dilemma kan vere vanskelege å finne ut av. Kva er viktigast eller rettast å gjere?

CC BY-SASkrive av Mette Holan, Kjell Rosland, Anki Olsen og Cathrine Meyer Johansen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 18.05.2021

Læringsressursar

Yrkesetikk