Hopp til innhald

Fagstoff

Marknadskommunikasjon som konkurransemiddel

Vi blir utsette for mykje marknadskommunikasjon kvar dag. Kva handlar marknadskommunikasjon om, og korleis kan ei verksemd kommunisere for å nå ut til deg?
Reklameplakat for Hennes og Mauritz med emneknaggen #beckham for hm. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Marknadskommunikasjon

Marknadskommunikasjon dreier seg, enkelt forklart, om overføring av ein marknadsføringsbodskap frå ei verksemd til ein mottakar.

Ordet kommunikasjon kjem frå det latinske ordet «communicare», som betyr «å dele med andre, gjere felles, kunngjere». I marknadsføringssamanheng ønskjer vi å gjere felles eller kommunisere ein marknadsføringsbodskap om ein vare, ei teneste, ein idé eller ei haldning.

Marknadskommunikasjon handlar om at ei verksemd kommuniserer med målgruppene sine. Det kan vere utfordrande for verksemder å skaffe seg merksemd, nå ut til og byggje relasjonar til målgrupper i eit medielandskap i stadig endring.

Formålet med marknadskommunikasjon kan mellom anna vere å skape tillit og kjennskap til produkt og verksemd, informere om produkteigenskapar og motivere til kjøp.

Det er viktig at all kommunikasjon ut mot målgruppa er godt planlagd og formidlar det verksemda og produkta står for.

Tenk over

Kvifor trur du at Hennes & Mauritz ønskte å ha med David Beckham i ein av kampanjane sine?

Personleg og ikkje-personleg marknadskommunikasjon

Marknadskommunikasjon kan vere både personleg og ikkje-personleg. Når ein butikktilsett vender seg til deg i ein butikk, er det eit døme på personleg marknadskommunikasjon.

Eit smilefjes illustrerer ein sendar som sender ein bodskap til ein mottakar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ein reklamefilm er eit døme på ikkje-personleg marknadskommunikasjon, som òg kan kallast massekommunikasjon.

Eit smilefjes illustrerer ein sendar som sender ein bodskap gjennom ein kanal til fleire mottakarar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I den relaterte artikkelen nedanfor kan du sjå ein animasjon om marknadskommunikasjon. I animasjonen blir nemninga p for påverknad nytta. Kommunikasjonsprosessen blir òg belyst.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 07.12.2020

Læringsressursar

Konkurransemiddelet marknadskommunikasjon