Hopp til innhald

Fagstoff

Digitale kundereise

Kva er ei kundereise, og kva blir meint med at kundereisene no er meir digitale enn tidlegare?
Filmen du skal få sjå, gir eit innblikk i korleis Torshov Sport bruker ulike typar marknadskommunikasjon, med vekt på digitale kanalar, og korleis ein ungdom blir påverka til å kjøpe eit par fotballsko.

Omgrepet kundereise viser til situasjonane der betalande kundar og potensielle kundar er i kontakt med ei merkevare før, under og etter eit kjøp, på tvers av kommunikasjonskanalar.

I filmen ovanfor fekk vi eit innblikk i korleis ei digital kundereise kan føregå, sett frå eit forbrukar- og marknadsføringsperspektiv. Vi blei gjorde kjende med korleis Torshov Sport nyttar ulike typar marknadskommunikasjon, med vekt på digitale kanalar, og korleis ein ungdom vart påverka til å kjøpe eit par fotballsko.

Dagens kundereiser er i større grad enn tidlegare blitt digitale. Det vil seie at vi som forbrukarar ofte gjennomfører heile eller store delar av kjøpa våre på nett. I dag har vi som kundar alltid informasjon tilgjengeleg digitalt. Vi kan til dømes finne viktig informasjon digitalt før vi handlar i fysiske butikkar.

Tenk over

Tenk gjennom ei av dei nylege kundereisene dine der du har vore i kontakt med ei merkevare før, under og etter eit kjøp, på tvers av kommunikasjonskanalar. Kan den nylege kundereisa di beskrivast som ei digital kundereise, synest du?

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 02.03.2023

Læringsressursar

Konkurransemiddelet marknadskommunikasjon