Hopp til innhald

Filmklipp

Animasjon om marknadskommunikasjon

Animasjonssnutten nedanfor forklarer kva som blir meint med kommunikasjon i marknadsføringssamanheng. I animasjonen blir nemninga p for påverknad nytta. Kommunikasjonsprosessen blir òg belyst.
Marknadskommunikasjon. P for påverknad – eit samandrag

Ordet «communicare» er latin og betyr å «gjere felles». I marknadsføringssamanheng ønskjer vi å gjere felles eller kommunisere ein marknadsføringsbodskap om eit produkt, ei teneste, ein idé, ei meining eller ei haldning. Dette er påverknad vi utøver på målgruppa.

Dersom potensielle kundar ikkje veit kva vi har å tilby, vil dei ha vanskeleg for å velje akkurat våre produkt. Derfor er det viktig å kommunisere kva vi vil selje.

For å gjere dette riktig må marknadsførarar ha kunnskap om kommunikasjonsprosessen. Denne går ut på at marknadsføraren sender ut ein bodskap. Bodskapen er koda med symbol, til dømes bilete og språk som mottakaren forstår, og han blir send gjennom ein kanal som treffer riktig kunde. Når mottakaren ser bodskapen vår, blir han avkoda. Er vi dyktige, fører dette til kjøp, endring av haldningar eller anna som måtte vere målet med kommunikasjonen.

Kunsten er å finne riktig bodskap og formulere han på ein måte som treffer kunden midt i hjartet gjennom riktig val av argumentasjon og appell.

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng og Live Marie Toft Sundbye. Rettshavar: Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 04.12.2020

Læringsressursar

Konkurransemiddelet marknadskommunikasjon