Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Bruk AIDAS til å analysere marknadskommunikasjon

I denne oppgåva skal du nytte AIDAS-modellen til å analysere ein reklameannonse og ein reklamefilm for Lerum.
Reklameannonse for Lerum eplejus. Illustrasjon.
Tekst frå reklameannonsen for Lerum eplejus

I saftbygda i Sogn har me vore særs opptekne av frukt og bær i over 100 år. Då er det kanskje ikkje så rart at produkta frå Lerum blir så gode. Eplejusen vår er laga av den finaste frukta, som er pressa når ho er på sitt aller beste. Prøv vår friske eplejus i ny pakning, kanskje du får litt frukt på hjernen du og.

Oppgåver:

  1. Forklar, med eigne ord, kva som blir meint med AIDAS-modellen.
  2. Gjer greie for kva grep du meiner Lerum har gjort i reklameannonsen for å skape merksemd og interesse hos målgruppa. Vis til konkrete døme. Gjer den same vurderinga av reklamefilmen om saftbygda Lerum.
  3. Vurder i kva grad du meiner reklameannonsen og reklamefilmen er utforma på ein formålstenleg måte med tanke på å få målgruppa til å ønskje og kjøpe produktet. Grunngi.
  4. Tenk deg at du har fått i oppdrag å ta ansvar for Lerums marknadskommunikasjon for ein ny type eplenektar med eit ungdommeleg design på flaskene. Vurder kva kommunikasjonskanalar du ville ha nytta i marknadskommunikasjonen for den nye eplenektaren. Lag forslag til utforming av bodskap og eventuelt slagord. Lag gjerne ei skisse for designet av flaska òg.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 28.12.2020

Læringsressursar

Konkurransemiddelet marknadskommunikasjon