Hopp til innhald

Fagstoff

Endra mediebruk - endra marknadsføring

Endringa i folks mediebruk har ført til ei endring i korleis verksemder marknadsfører produkta sine. Du må til dømes tenkje heilt annleis for å oppnå suksess med Facebook-sider og andre sosiale medium enn med dei tradisjonelle kanalane.
Mennesker med emoticons til ansikt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

For få år sida blei det til dømes brukt like mykje pengar på annonsering på Internett som i papiravisene. Sidan då har annonsering på Internett auka på kostnad av dei andre media, ein auke som det er venta vil halde fram i lang tid.

Kunden har fått større makt

Tidlegare hadde verksemda full kontroll med kva som blei skrive om dei, kven som skulle ta imot bodskapen, og når dei skulle ta imot han. Internett og dei sosiale media har snudd dette biletet heilt på hovudet. Dei sosiale media gjer det ikkje berre mogleg for brukarane (kundane) å skape sitt eige innhald, dei kan også enkelt seie seg einig eller ueinig i det som blir sagt, ved å klikke «like», leggje igjen kommentarar og/eller dele innhaldet med venner og kjende. Dette har ikkje berre ført til at verksemda har mista kontrollen over spreiinga av eigen bodskap, men også gitt kundane langt større makt enn tidlegare.

En mann sitter på Facebook på jobb. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Frå passive til aktive kundar (forbrukarar)

Endringane i folks medievanar har gjort at forbrukarane ikkje lenger er passive mottakarar, slik tilfellet var då ein berre hadde dei tradisjonelle media. Forbrukarane er blitt aktive mottakarar som sjølve kan vere med på å skape og endre medieinnhaldet og effekten av alle påverknadsforsøk ved at dei kan kople, dele og koordinere informasjonen på heilt nye måtar i dei sosiale media.

CC BY-SASkrive av Kjetil Sander.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017

Læringsressursar

Konkurransemiddelet marknadskommunikasjon