Hopp til innhald

Fagstoff

Personleg kommunikasjon og massekommunikasjon

Verksemder kan velje personlege eller ikkje-personlege kommunikasjonskanalar for å nå deg som forbrukar. Kva blir meint med personleg kommunikasjon og massekommunikasjon?
Personar kommuniserer via nettbasert teknologi. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Når vi vil treffe målgruppa vår, vel vi kommunikasjonskanalar som er personlege eller ikkje-personlege. Vi kan skilje mellom personleg kommunikasjon og massekommunikasjon.

Personleg kommunikasjon

Personleg kommunikasjon blir kjenneteikna av direkte kontakt mellom sendar og mottakar. Deltakarane i kommunikasjonen har moglegheit til å gi direkte tilbakemelding, spørje, presisere, forklare og så vidare.

Smilefjes som illustrerer ein sendar som sender ein bodskap til ein mottakar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Når ein butikktilsett vender seg til deg i ein butikk, er det eit døme på personleg kommunikasjon.

Personleg kommunikasjon skjer ofte ansikt til ansikt, men mykje personleg kommunikasjon skjer òg via digitale kommunikasjonskanalar.

Mange verksemder tilbyr til dømes chattefunksjonar på nett, der vi som forbrukarar kan chatte med ein kundebehandlar.

Munter mannleg operatør på sentralbord. Han viser tommel opp og smiler breitt. Bak han er fleire operatørar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eit anna døme på personleg kommunikasjon kan vere at forbrukarar deler brukarerfaringar med produkt, anten ansikt til ansikt eller på nett, med andre som er interesserte i dei same produkta. Dette er såkalla positiv eller negativ vareprat, eller det som på engelsk blir kalla «word of mouth». Vi stoler ofte på det venner, kjende og andre vanlege brukarar meiner.

Fordelar med personleg kommunikasjon i marknadskommunikasjon kan vere at vi har tid til å gi meir utdjupande informasjon, svare på motførestillingar, lese reaksjonane til mottakaren og respondere med ein gong.

Til dømes har ein seljar moglegheit til å avklare kva behov kvar enkelt kunde har, og kan slik bruke tida si med kunden riktig. Det vil til dømes vere unødvendig å bruke tid på å argumentere for ein produktfordel som kjøparen allereie har akseptert.

Tenk over

Tenkjer du at det kan vere nokon ulemper med personleg kommunikasjon i marknadskommunikasjon? I så fall kva?

Massekommunikasjon

Massekommunikasjon har, som namnet tilseier, til hensikt å nå massane. Massekommunikasjon gjer det mogleg å sende ut ein bodskap til mange mottakarar på ein gong. Massekommunikasjon skjer gjennom ikkje-personlege kommunikasjonskanalar, som til dømes TV, trykte medium og radio. Eit viktig kjenneteikn ved desse kanalane er at dei ikkje legg opp til eller gjer det mogleg å ha direkte kontakt mellom avsendar og mottakar.

Illustrasjon med eit smilefjes som illustrerer ein avsendar som sender ein bodskap igjennom ein kanal til fleire mottakarar.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eit reklameinnslag i radioen vender seg til ei stor gruppe mottakarar, og det er ikkje vanleg eller mogleg for lyttarane å gi direkte tilbakemelding.

Massekommunikasjon har fleire fordelar. Til dømes kan vi nå ut til mange i målgruppa med marknadskommunikasjon.

Tenk over!

Kan du tenkje ut fleire fordelar ved å nytte massekommunikasjon i marknadskommunikasjonen?

Ei ulempe ved massekommunikasjon kan vere at det er ein risiko for å bomme på val av kommunikasjonskanal, slik at vi ikkje treffer målgruppa vår. Vi kan heller ikkje gå i dialog med mottakarane dersom dei har innvendingar mot bodskapen vår.

Ulike typar av massekommunikasjon

Reklame er ei form for betalt massekommunikasjon, der avsendaren lèt seg identifisere. Formålet med reklame er å vekkje merksemd, skape interesse, informere eller selje.

Reklame kan til dømes vere annonsar i trykte medium eller TV-reklame. I 2018 fekk TRY reklamebyrå oppgåva med å revitalisere marknadskommunikasjonen til REMA 1000. Nedanfor kan du sjå ein av reklamane:

Tenk over!

Kvifor trur du at Rema 1000-reklamen blei ein snakkis?

Salsfremjande tiltak er tiltak for å stimulere til sal. Vi kan seie at ein reklame kan gi oss forbrukarar ei grunngiving for å handle, mens salsfremjande tiltak kanskje kan gi oss ein siste «dytt».

Eit døme på salsfremjande tiltak du heilt sikkert har møtt på, er prøvesmaking av mat i matbutikken, til dømes dersom ein ny pizza eller den nye sommargrillpølsa skal lanserast.

Andre døme på salsfremjande tiltak kan vere butikkarrangement, konkurransar, vindaugsutstillingar, rabattar og prisavslag.

To jenter marknadsfører og deler ut vareprøver av Coca-Cola under ein filmpremiere i Fredrikstad. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

PR er nemninga på den medieomtala ei verksemd, eit produkt eller ein person kan få som ikkje er betalt av avsendar. Vi kan òg nytte uttrykket fortente kanalar.

PR skjer via ein tredjepart og utan at verksemda betaler for det. Han verkar derfor nøytral og truverdig. Pressekonferansar og pressemeldingar er døme på kva verksemder sjølve kan gjere for å få omtale.

Musikkgruppe med fire medlemmar opptrer inne i eit butikklokale blant senger og anna interiør utstilt for sal. To av musikarane speler gitar, og den eine står fremst og syng. Dei to andre speler bass og piano. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng og Live Marie Toft Sundbye.
Sist fagleg oppdatert 07.01.2021

Læringsressursar

Konkurransemiddelet marknadskommunikasjon